Inge Ryan

Faktaboks

Inge Ryan
Født
15. august 1956, Overhalla, Trøndelag
Inge Ryan i 2008.
Av /NTB.

Artikkelstart

Inge Ryan er tidlegare ordførar i Namsskogan, tidlegare fylkesmann i Nord-Trøndelag, tidlegare nestleiar i Sosialistisk Venstreparti (SV) og tidlegare stortingsrepresentant.

Bakgrunn

Inge Ryan er fødd i Overhalla i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han var elev ved Namdal gymnas i 1972–1975, tok lærarskule i Alta og Levanger i 1977–1980, pedagogisk utdanning i Trondheim, historie ved distriktshøgskolen i Bodø og leiarutdanning ved Høgskolen i Levanger (no Nord universitet).

Ryan arbeidde som lærar i 1975–1977 og 1980–1987, og var rektor i 1987–1991. Han var pedagogisk konsulent i 1991–1992, distriktsarbeidssjef i 1994–1997 og dagleg leiar i regionrådet for Indre Namdal i 1997–2001.

Politisk karriere

Han var ordførar i Namsskogan kommune for Sosialistisk Venstreparti i 1991–1995, varaordførar i 1995–1999 og kommunestyrerepresentant i 1999–2001. Ryan var medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1991–1995 og medlem av fylkesutvalet i 1995–2001. Han var leiar av Namsskogan SV 1992–1994 og nestleiar i SV 1999–2003.

Ryan var vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti i 1993–1997 og hadde fast plass som stortingsrepresentant i frå 2001 til 2009. Han var medlem i næringskomiteen på Stortinget i 2001–2009 og av kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2005–2007. Den siste stortingsperioden var han òg parlamentarisk leiar for partiet på Stortinget. Etter tida på Stortinget var han i 2009–2017 utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag.

Andre verv

Ryan har hatt mange administrative verv og tillitsverv, mellom anna som medlem av styret for Merkur-programmet frå 1996 og leiar frå 2011, medlem av styret for KS (Kommunenes Sentralforbund) i 1999–2001, medlem av styret for Nord-Trøndelagsforskning i 1998–2002 og leiar av Reindriftsstyret i 2010–2013. Han fekk Mental Helses Åpenhetspris i 2003 og både Levanger Venstre og Levanger SV sin miljøpris i 2010.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg