Ingbjørn er eit mannsnamn. Det er ein variant av Ingebjørn som går tilbake til det norrøne Ingi-bjǫrn. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘bjørn’.

Namnet har fleire variantar: Ingbjørn, Ingebjørn.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var fyrbøtar på skip Arne Ingbjørn Olsen fødd 1881 i Kristiansand, busett i Flekkefjord i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Ingbjørn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg