Ingar Sletten Kolloen

Faktaboks

Ingar Sletten Kolloen
Født
9. juli 1951, Kvam i Gudbrandsdalen, Innlandet
Av /Gyldendal .

Artikkelstart

Ingar Sletten Kolloen er journalist, biograf og forfattar som skriv både på nynorsk og bokmål. Han har skrive kritikarroste og populære biografiar om Tor Jonsson, Knut Hamsun, Joralf Gjerstad og dronning Sonja.

Bakgrunn

Ingar Sletten Kolloen er fødd i Kvam i Gudbrandsdalen i Oppland (no Innlandet). Han vart tilsett som professor II i skriving og formidling ved Høgskolen i Lillehammer (no Høgskulen i Innlandet) i 2010.

Kolloen starta yrkeskarrieren sin som journalist i ulike aviser. Sidan har han mellom anna vore redaktør i Den norske Bokklubben (1978–1982), dagleg leiar for kulturavdelinga i Aftenposten (1982–1989), leiar for planlegginga av kulturprogrammet under OL på Lillehammer (1989–1992) og redaktør i Dagningen (1992–1997).

Forfattarskapen

Kolloen debuterte som biograf med Berre kjærleik og død (1999), som handlar om lyrikaren Tor Jonsson. I 2000 kom Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller, som er eit utval prosatekstar av Jonsson. For desse bøkene fekk Kolloen ros for å gjere forfattarskapen til Jonsson tilgjengeleg att for nye lesarar.

Han oppnådde store salstal med biografiane Hamsun. Svermeren (2003) og Hamsun. Erobreren (2004), og han fekk mykje ros for eit omfattande kjeldearbeid. Som i biografien om Tor Jonsson imponerer Kolloen med å bruke Knut Hamsuns litteratur og litterære personar som kulisser og statistar for å skape eit levande og aktuelt portrett av forfattaren.

Også biografien Snåsamannen. Kraften som helbreder, som Kolloen gav ut i 2008, oppnådde store salstal. Boka handlar om Joralf Gjerstad frå Snåsa, som er ein vidgjeten handspåleggjar. I 2013 gav Kolloen ut biografien Ingrid. Om Ingrid Espelid Hovig om den folkekjære kokken Ingrid Espelid Hovig, mest kjend frå Fjernsynskjøkkenet.

Kolloen er òg biograf for dronning Sonja. I 2012 kom Dronningen ut, og her gir Kolloen ei framstilling av livet til Sonja Haraldsen, som etter kvart vart dronning i Noreg, samstundes som han viser korleis det norske monarkiet har utvikla seg dei siste femti åra.

Kolloen er også skjønnlitterær forfattar. Han har skrive romanen Den fjerde engelen (2007) og Den tomme plassen i vitrineselskapet (2015), og han har skrive to drama for teateret. Berre kjærleik og død (1999) vart sett opp på Trøndelag Teater i 2000, og Jeg kunne gråte blod (2004) var på programmet til Riksteateret i 2004.

Boka Vi må ikke falle (2019) er fyrste bok i den planlagde serien Under krigen, der Kolloen tek føre seg nordmenn sine liv under andre verdskrig då Noreg var okkupert av Tyskland.

Utmerkingar

Ingar Sletten Kolloen fekk Melsomprisen for Berre kjærleik og død, og han fekk Den norske leserprisen (2004) for arbeidet med Knut Hamsun-biografien.

Bibliografi

  • Under krigen. Vi må ikke falle (Gyldendal, 2019)
  • Den tomme plassen i vitrineskapet (Roman, Gyldendal, 2015)
  • Ingrid. Om Ingrid Espelid Hovig (Gyldendal, 2013)
  • Dronningen. Om dronning Sonja (Gyldendal, 2012)
  • Snåsamannen. Om Joralf Gjerstad (Gyldendal, 2008)
  • Den fjerde engelen (Roman, Gyldendal, 2007)
  • Hamsun. Erobreren (Gyldendal, 2004)
  • Hamsun. Svermeren (Gyldendal, 2003)
  • Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller. Utvalg prosatekster av Tor Jonsson (Prosa, Samlaget, 2000)
  • Berre kjærleik og død. Om Tor Jonsson (Samlaget, 1999)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Espen Tørset: Lesemåte og litterære grep i Ingar Sletten Kolloens Hamsun. Svermeren, masteroppgåve i nordisk litteratur, NTNU. Trondheim 2006.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg