Inga Juuso av Øivind Arvola. Gjengitt med tillatelse

Inga Juuso, samisk joikar frå Kautokeino. Juuso var mellom dei aller fremste samiske soloartistane i si samtid, og det nærast du kjem ei joikedronning i samisk musikk. Ho samarbeidde med mange ulike musikarar og blei den fyrste fast tilsette fylkesjoikaren i landet. Ho var eit viktig førebilete for fleire samiske artistar, blant andre Mari Boine. Grunnen til denne posisjonen finn me i sjølve den genuine joiken som ho var ein sterkt formidlar av. I nyare tid er det særleg personjoikane som står sterkt, og Juuso har uttrykt at i personjoiken kan du fornemme personen du joikar.

Inga Juuso er født i Jokkmokk i 1945. Familien hadde flykta dit då folk måtte evakuere frå krigen i Finnmark. Juuso voks opp i Alta og opplevde der samtidas harde fornorsking som sette sitt preg på livet hennar. Dette var med å skape eit sterkt engasjement for samisk språk og kultur.

Frå ho var ung lærte Juuso seg joiketradisjonen frå Alta og Kautokeino, ho lærte av familien, men òg av andre joikarar. Ho utvikla seg etter kvart til ein av dei dyktigaste og mest respekterte joikarane i landet og i Sápmi. Juuso var kjent for eit stort mangfald i stemmebruk med ei rå og gripande røyst og ein inngåande kjennskap til tradisjonell joik, samtidig var ho open for å prøve ut nye uttrykk. Slik òg blei ho eit førebilete for yngre joikarar.

Inga Juuso var utdanna journalist og arbeidde som journalist i ulike institusjonar, blant anna NRK Sápmi. I tillegg hadde ho meir administrative jobbar innafor fleire samiske institusjonar.

Juuso delte villig med seg av kunnskapen sin og var lærar ved fleire høgskolar. Ho var òg personleg joikelærar for studentar og andre artistar. På denne måten kombinerte ho undervisning med eit musikarliv der ho reiste rundt på oppdrag og turnear i inn- og utland. Ho kom tidleg inn i samarbeid med andre musikarar, og blei slik involvert i mange prosjekt, både plateprosjekt og konsertturnear.

Av andre joikarar ho samarbeidde med kan nemnast Nils Aslak Valkeapää, i 1970-åra. På 1980 og -90 talet deltok Juuso på ei rad internasjonale festivalar verda rundt, blant anna på oppdrag av dei norske Rikskonsertene og Svenska Rikskonserter.

Inga Juuso debuterte som plateartist med tradisjonell joik på plata Ravddas Ravdii (1991). Gjennom ulike samarbeidsprosjekt møtte Juuso musikarar frå ulike sjangrar, slik tok ho joiken med seg på nye vegar i møte med jazz og verdsmusikk, noko plateutgjevingane hennar ber preg av. Inga Juuso Group blei stifta i 2003, dei som var med her var Patrick Shaw Iversen, Kenneth Ekornes, Steinar Raknes, Peter Baden og Roger Ludvigsen. Gruppas album Váimmu ivnnit/Pattern of the heart kom i 2008. Viktigaste prosjektet for Inga Juuso i nyare tid var samarbeidet med jazzbassisten Steinar Raknes, i 2008 etablerte dei duoen Skáidi. Debutplata var Where the rivers meet. (2008). I Skáidi vågar ho å ta i bruk nemninga joik i møte med den akustiske kontrabassen til Steinar Raknes. Dei to musikarane arbeidde saman i 10 år og turnerte verda rundt på ulike festivalar og konsertar og gjorde stor lykke.

I 2011 fekk ho Spellemannprisen i open klasse for CD-en Bálggis med gruppa Bárut. Dette året var eit heilt spesielt aktivt år for plateartisten Inga Juuso, for då gav ho òg ut to andre plater, båe to oppnådde nominasjonar til Spellemannprisen.

Under Folkelarm 2012 blei Inga Juuso, som den fyrste samiske artisten, utnemnd til ”Årets Folkemusikar”. Juryen la vekt på hennar mangfaldige karriere, evna til å bryte grenser og for å ha lyft joiken til nye høgder. Saman med perkusjonisten Harald Skullerud tok ho òg i mot Folkelarmprisen for beste plate i open klasse for plata Juusk. Same året blei ho tildelt Nordlysprisen, ein pris som blir delt ut kvart år av avisa Nordlys, og som går til ein nordnorsk musikar eller komponist som har utmerka seg på eit høgt kunstnarisk nivå.

I 1989 byrja Juuso som frilans-skodespelar i det samiske teateret Beaivváš Sàmi Teáhter i Kautokeino/Guovdageaidnu. Vidare var ho òg med på nokre få produksjonar som frilans-skodespelar i fleire teater, det samiske teateret i Kiruna, det frie teateret Addi i Stockholm og Ice-Globe Theatere i Jukkasjärvi.

Teaterkarrieren førte òg til fleire filmroller, viktigast var rolla som bestemor i Nils Gaup’s film Kautokeino-opprøret (2005). Før dette hadde ho vore med i kortfilmen Sapmi Magic (2000) og i ein norsk/samisk spelefilm Bázo (2003). I 2014 var ho med i dokumentarfilmen Juoigan, om joik.

  • Ravddas Ravdii (1991)
  • Orbina – Orbina (1993)
  • Earthsongs – med Anders Hagberg (1998)
  • Čalbmeliiba – Frozen moments/Momentos inolvidables – med Johan Sara jr. m.fl. (1999)
  • Orbina II - Orbina (2002)
  • Váimmu Ivnnit /Patterns of the heart – med Inga Juuso Group (2008)
  • Where the rivers meet – Skáidi (2008)
  • Bálggis – med Bárut (2011)
  • Juusk – med Harald Skullerud (2011)
  • Headland – Skáidegeahči – med Skáidi (2011)

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.