Ine Andersson er ein norsk vektløftar frå Ski. Ho representerer idrettslaget Tambarskjelvar i Naustdal. Andersson tok bronse i øvinga støt under EM i Moskva i 2021.
Ine Andersson
Faktaboks
Ine Drabløs Andersson
- Fødd
- 17. august 1989
Karriere
Som barn dreiv Ine Andersson med turn, og det var først i starten av 20-åra at ho byrja med vektløfting. Då gjekk det ikkje lang tid før ho nærma seg dei beste i landet. 24 år gammal tok ho i 2013 sitt første individuelle NM-gull i 63-kiloskassen.
Ho har seinare tatt ei rekkje NM-gull, og i 2021 tok ho kongepokalen som beste utøvar uansett klasse under NM.
Andersson debuterte i EM med ein tolvteplass i 63-kilosklassen i 2016. I åra etter klatra ho oppover på resultatlistene, og i 2021 vart ho nummer fire samanlagt i 59-kilosklassen i EM. Ho vart også nummer fire i støt, men seinare vart denne plasseringa oppjustert til tredjeplass. Bakgrunnen var at gullvinnaren vart tatt for doping, og dermed rykte Andersson opp på lista og fekk bronsemedalje i øvinga.
Ho vart i 2021 også nordisk meister og nummer sju samanlagt i VM.
I mai 2022 tok Andersson bronse samanlagt under EM i Tirana. Ho løfta då 90 kilo i rykk og 118 kilo i støt, til saman 208 kilo. Ho vart samtidig europameister i støt. Resultata var og nye norske og nordiske rekordar i støt og samanlagt.
Andersson vart nummer 15 under VM i Colombia i desember 2022. Med det vart ho tredje beste europeiske løftar i 59-kilosklassen.
I 2023 var ho tilbake i EM, men denne gongen i éin vektklasse tyngre enn året før. Ho løfta 121 kilo i støt i 64-kiloskassen – det beste løftet resultatet hennar nokon gong. Det heldt til sølvmedalje i øvinga.
Andersson deltok i 64-kilosklassen under EM også i 2024, då med ein 12. plass samanlagt.
Biografi
Merittar
- Fleire gongar NM-vinnar og nordisk meister
- Kongepokalen i 2021
- Bronse samanlagt under EM i 2022
- Gull i støt under EM i 2022
- Bronse i støt i EM 2021
- Sølv i støt i EM 2023
- Bronse i IWF Grand Prix I 2023
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.