Ina Libak

Faktaboks

Ina Libak

Ina Alvhilde Rangønes Libak

Født
29. desember 1989, Oslo
Oppvaksen på Løten i Innlandet og Averøy i Møre og Romsdal
Ina Libak
Av /NTB.

Artikkelstart

Ina Libak er sosionom, politikar og tidlegare leiar i AUF, ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet, frå 2018 til 2020.

Bakgrunn

Ina Alvilde Rangønes Libak er fødd i Oslo og voks opp på Løten i Hedmark (no Innlandet) og på Averøy i Møre og Romsdal. Ho tok musikklinja ved Atlanten videregående skole i Kristiansund i 2005–2008 og folkehøgskole med teaterlinje i 2008–2009. Libak tok Internasjonale miljø- og utviklingsstudier ved NMBU i Ås i 2009–2010 og er utdanna sosionom (bachelor i sosialt arbeid) frå OsloMet i 2016

Politisk karriere

Libak har hatt ei rekkje politiske verv både i AUF (Arbeidernes Ungdomsfylking) og Arbeidarpartiet sidan ho melde seg inn i 2006. Ho har vore fylkessekretær (2010–2011), nestleiar og leiar i Akershus AUF. Ho blei vald inn i sentralstyret til AUF i 2014, var nestleiar i 2016–2018 og blei i 2018 vald til leiar for perioden 2018–2020. Ho overtok leiarvervet frå Mani Hussaini.

Ho blei som den yngste i landet i den perioden vald til medlem av kommunestyret for Ap i Averøy i 2007, og ho var medlem av kommunestyret i Ås i 2011–2015. Libak er medlem av fylkestinget i Akershus for Arbeidarpartiet i perioden 2015–2019.

Politisk har ho eit stort engasjement og er ei tydeleg røyst i samfunnsdebatten. Ho meiner at miljø- og klimapolitikk er ei viktig solidaritetssak, og vil derfor avvikle petroleumsindustrien og ikkje opne opp for nye olje- og gassfelt.

Libak blei skoten og alvorleg skadd på Utøya 22. juli 2011, og ho var eit av vitna i rettssaka etterpå. Etter åtaket vart ho utsett for netthets, og ho har uttalt at det å vere medlem av AUF har vore svært viktig for henne.

Andre verv

Libak har hatt ulike verv i Framtiden i våre hender, Fellesorganisasjonen (FO) og Natur og Ungdom.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg