Dristug sitt damelag i 1946
Dristug sitt damelag vann den første noregsmeisterskapen i volleyball i 1946. Bak frå venstre: Margot Knutsen, Grete Tofte og Bergit Gjermones. Framme frå venstre: Gunvor Fiskvatn, Aslaug Solheim og Konstanse Halvorsen.

Idrettslaget Dristug er eit fleiridrettslag frå Åmli i Agder. Idrettslaget driv med fotball, turn, volleyball, trim og barneidrett. Det er særleg gjennom volleyball at idrettslaget har markert seg på nasjonalt nivå.

Historie

Idrettslaget vart 24. februar 1895 skipa som Omli Skiklubb Dristug. Det var blant dei første idrettslaga på Sørlandet. Laget var i starten eit reint skilag, og namnet Dristug kjem truleg av at skiløparane var dristige når dei sette utfor i ski- og hoppbakkane. Halvor Olstad var den første formannen.

I 1913 endra laget statuttane og gjekk frå ein rein skiklubb til eit idrettslag med fleire idrettsgreiner. På denne tida vart friidrett ein viktig del av idrettslaget, og i 1918 vedtok dei å skifte namn til Idrettslaget Dristug. Friidretten stod sterkt til langt fram på 1950-talet. Mellom dei som hevda seg best var Aslaug Solheim, som deltok i EM på Bislett i 1946. Solheim tok fleire NM-medaljar i høgde, lengde og trekamp, inkludert NM-gull i lengde frå 1948 og 1949.

Dristug er likevel mest kjent for volleyball, der idrettslaget var ein av pionerklubbane i nasjonal samanheng. Allereie i 1938 vart volleyballen introdusert i bygda som «nettball». Då det første noregsmeisterskapet vart arrangert i 1946, vann Dristug NM-gull i både dame- og herreklassen.

Med unnatak av ein periode på 1950- og 1960-talet, har volleyballen vore den idretten som har sett Dristug på kartet i Noreg. Herrelaget kvalifiserte seg i 1971 for hovudserien med Ommund Kløvfjell som både spelar og lagleiar. Det gav og medvind i bygging av ein ny gymsal, og på 1970- og 1980-talet vart den nasjonale turneringa Åmlitreffen arrangert kvar sommar. På det meste deltok opp mot 100 lag.

I 1991 spelte damelaget seg opp i 1. divisjon etter fleire magre år. I 1992 stod Åmlihallen ferdig, og året etter arrangerte Dristug ein landskamp for kvinner mellom Noreg og Danmark i den nye hallen.

Dristug hadde ein ny god periode med spel i eliteserien for herrar omkring 2005, då Jan Kvalheim spelte for klubben.

Idrettslaget Dristug har ei rekkje noregsmeisterskap i volleyball i aldersbestemte klassar. Seniorlaga har både på dame- og herresida spelt fleire sesongar i den øvste divisjonen i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg