Faktaboks

Ida Hegazi Høyer
Fødd
1981, Oslo
Ida Hegazi Høyer
Ida Hegazi Høyer under et litteraturarrangement på biblioteket i Hamar.
Ida Hegazi Høyer
Av /NTB.

Ida Hegazi Høyer er ein norsk forfattar som debuterte med romanen Under verden i 2013. Sidan debuten har ho gitt ut ei bok kvart år, og har jamnt over motteke særs gode kritikkar.

Forfattarskap

Fortellingen om øde, bokomslag
Fortellingen om øde, bokomslag
Tiden forlag.

U-trilogien

Dei tre første bøkene hennar blir referert til som U-trilogien. Under verden, Ut og Unnskyld var ferdige, vart Høyer tildelt Bjørnsonstipendet under Bjørnsonfestivalen 2014. Året etter var ho ein av tolv europeiske forfattarar som mottok EUs litteraturpris, og vart kåra av Morgenbladet til ein av dei beste norske forfattarane under 35 år.

Noko av det som desse tre romanane har til felles, er ein stor språkleg kraft og framdrift. Høyer skriv med eit driv, utan å miste dei menneskelege observasjonane og erkjenningane av syne. Det er den altoppslukande og iblant nærmast utslettande kjærleiken som står i sentrum, sjølv om forteljingane også peiker ut frå tosemda.

Fortellingen om øde

I 2015 kom Fortellingen om øde, ein roman som står ut i forfattarskapet. Hovudpersonen er her i ei anna tid, ein annan stad og med ein bakgrunn som er fjernare frå forfattaren enn andre av romankarakterane hennar. Ho følgjer den historiske figuren Dr. Carlo Ritter til ei stillehavsøy, der han skal leve av det han finn. Av dei meir kuriøse subplotta i boka, er Ritters avgjersle om å trekkje alle tennene før avreise fordi han trur at han skal leve utelukkande av vegetarmat, som er sukkerhaldig.

Noveller

Historier om trøst står òg ut i forfattarskapet, med å vere noveller. Men som nesten alle romanane til Hegazi, utforskar også desse novellene dikotomien einsemd/fleirsemd, og aleine/saman. Som i romanane maktar forfattaren i novellene å skape litterære rom som på kjennest tronge, men som ein som lesar likevel ønskjer å vere i, til siste side.

ene/skissen

Også i romanen ene / skissen (2018) lagar Høyer ein pageturner, utan mykje ytre handling. ene / barnet omhandlar morskap, og kom i 2019. Romanen skilte seg ut i den såkalte «barselsbølga» i litteraturen, då han – som Dagbladets kritikar oppsummerer det, handlar om «en mor utanfor normalen». Det same året ferdigstilte Høyer ein minibiografi om Kim Friele.

Kirurgen

I 2022 kom romanen Kirurgen, der vi får delta i fallet til lege og alfahann Henrik Wold, som i stor grad ser på andre menneske som maskinar. Her tematiserer Høyer nok ein gong forholdet mellom enkeltindividet og dei sosiale kodene, særleg i hovudpersonens behov for kontroll i mellommenneskelege situasjonar.

Utgivingar

Romanar

  • 2022: Kirurgen
  • 2019: ene | barnet
  • 2018: ene | skissen
  • 2015: Fortellingen om øde
  • 2014: Unnskyld
  • 2013: Ut
  • 2012: Under verden

Noveller

2016: Historier om trøst

Sakprosa

  • 2019: Kim Friele, biografi for barn

Eksterne lenker

Litteratur

  • Urke, Katrine Judit: «Barsel og børst», Dagbladet 29/11-2019

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg