Faktaboks

Ib Thomsen

Ib Kavle Thomsen

Fødd
6. oktober 1961, Nittedal, Akershus
Ib Thomsen.
Stortinget.

Ib Thomsen er ein norsk politikar for Framstegspartiet som var stortingsrepresentant frå Akershus 2005–2017.

Bakgrunn

Ib Kavle Thomsen kjem frå Nittedal. Han gjekk på Bjertnes videregående skole 1977–1980, tok leiarutdanning i 1983 og spesialkurs i 1986 i Forsvaret. 2000–2001 studerte han ved Handelshøyskolen BI. Han arbeidde som disponent i eige firma frå 1985 til 2005 og hadde deltidsstilling som områdesjef i Heimevernet 1999–2005.

Politisk karriere

Thomsen var medlem av Nittedal formannskap 1987–2005, medlem av styret i Nittedal Frp 1982–2005 og medlem av styret i Akershus Frp 2001–2005. Han var vararepresentantStortinget i periodane 1993–1997 og 2001–2005, og hadde fast plass som stortingsrepresentant frå Akershus 2005–2017. Han var opptatt av eldreomsorg, skule, samferdsel og sjukehustilbod, og 2009-2017 var Thomsen kulturpolitisk talsmann for Framstegspartiet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg