Faktaboks

IL i BUL
Idrottslaget i Bondeungdomslaget
Logo
Logo
Av .
Holmenkollstafetten-59
BUL er laget som har vunne Holmenkollstafetten for menn flest gonger. Her får BUL pokalen etter sigeren i 1959.
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 3.0

Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo er eit idrettslag frå Oslo som vart stifta i 1913. Det driv med friidrett og ski (langrenn), tidlegare òg kvinnefotball, orientering og andre skigreiner.

Laget er ein del av Bondeungdomslaget i Oslo, eit lokallag av Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.

I friidrett har BUL vunne eliteklassen i Holmenkollstafetten 24 gonger for menn og 6 gonger for kvinner. I langrenn har BUL vunne 9 stafett-NM for menn og 3 for kvinner, og i orientering 6 stafett-NM både for menn og kvinner. BUL starta opp kvinnefotballen i Noreg og har vunne 5 NM.

BUL var den fyrste klubben i Noregs idrettsforbund som tok opp idrett for psykisk utviklingshemma.

Kjende medlemmer

BUL, Tjalve og Vidar danna i 1965 Bislett Alliansen, sjå Bislett stadion.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg