ICD-11 er den internasjonale standarden for systematisk dokumentasjon og rapportering av sjukdommar og dødsårsaker. Formålet er å ha ei felles, internasjonal forståing av korleis sjukdommar skal klassifiserast og kva ulike diagnosar betyr, slik at det er mogeleg å analysere, fortolke og samanlikne helsestatistikk på tvers av landegrensene, og frå eit år til eit anna på nasjonalt nivå.

Faktaboks

Etymologi

forkorting av international classification of diseases, 'internasjonal klassifisering av sjukdommar'

Verdas helseorganisasjon (WHO) er ansvarleg for å utarbeide og vedlikehalde ICD-11. ICD-11 skal erstatte ICD-10. Verdas helseforsamling, som er det overordna styringsorganet til WHO, godkjende ICD-11 den 25. mai 2019 for bruk frå og med 2022.

Skilnad frå ICD-10

ICD-11 er annleis enn ICD-10 på fleire vesentlege område, mellom anna når det gjeld sjukdommar i immunsystemet, søvnsjukdommar og tilstandar knytte til seksuell helse. Målet har vore å oppdatere klassifikasjonen i samsvar med utviklinga innanfor medisinen og auka kunnskap om behandling og førebygging.

Norsk omsetjing

Sjølv om ICD-11 er godkjent med verknad frå 2022, må den internasjonale versjonen tilpassast nasjonale forhold før den kan takast i bruk. Direktoratet for e-helse arbeider med denne tilpassinga, slik at ein kan få ein versjon som er tilpassa bruk i den norske spesialisthelsetenesta. Dette arbeidet skjer i samarbeid med dei andre nordiske landa.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg