Håland er ein tidlegare kommune i Rogaland på nordsjøkysten vest for Stavanger og Sandnes. Kommunen vart oppretta i 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret.

Kommunen vart i 1930 delt i kommunane Madla og Sola, med Madla på nordsida og Sola på sørsida av Hafrsfjorden. Håland kommune hadde 4463 innbyggjarar ved delinga. Madla vart i 1965 ein del av Stavanger. Sola har hatt uendra grenser sidan 1930.

Namnet

Første ledd er av norrønt hár, 'høg', og finst i ei rekkje avleiingar i området, til dømes i Håland gard, øya Håstein utanfor kysten av Sola og Håsteinfjorden nord for denne.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg