Husevågøy i Nordfjord, berglendt øy med lite skog i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane. Øya ligg ytst i Nordfjord, mellom Bremangerlandet og øya Vågsøy. Husevågøya er 9,2 km2 med 74 innbyggjarar medrekna naboøya Gangsøy (2001). Tettstaden Husevåg har 30 innbyggjarar. Det er ferjesamband med Måløy og Oldeide.

Namnet kjem av gardsnamnet Husevåg. Viser til bustadhus i vågen, og at andre vågar i nærleiken mangla dette.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.