Faktaboks

Hundvåko

Hundvåkøy

Hundvåko er ei øy i Austevoll kommune i Vestland fylke, sør for Krossfjorden (Korsfjorden). Øya har eit areal på 10,7 kvadratkilometer og har 671 innbyggjarar (2017). Nakne knauser og myrlende vekslar, og strendene er sterkt innskårne. Høgste punkt er Kongsvarden i søraust (76 meter over havet). Det er tettast busetnad på dei sentrale og søraustre stroka av øya. Øya har mange fiskeoppdrettsverksemder.

Øya er knytt saman med Storakalsøy i nordvest via fleire mindre øyer og Bakkasundsbrua (opna i 1999), og Huftarøy i sør via Austevollsbrua (opna i 2007).

Hundvåko har ein av dei to maritime barnehagane i Austevoll kommune. Denne har blant anna eigen båt og saltvassakvarium.

Navnet kommer av norrønt Hundvaka, se Hundvåg.

Kart

Hundvåko
Hundvåko
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg