Faktaboks

Huangpu Jiang
kinesisk: 黄浦江
Huangpu-elva
Huangpu-elva renner gjennom Shanghai by.
Av /Wikimedia.
Lisens: CC BY 3.0

Huangpu Jiang er ei elv i Kina, i Shanghai bykommune, som er 114 kilometer lang. Elva drenerer Shanghaisletta.

Elva startar frå Dianshansjøen (Dianshan Hu) i den vestlege delen av bykommunen, flyt fyrst austover til Minhang-distriktet før ho snur nordover og kryssar gjennom Shanghai by, og går saman med si største sideelv Wusong ved Baidubrua 15 kilometer før munninga (Wusongkou) i det enorme deltaområdet til i Chang Jiang.

Den nedre delen av elvelaupet er vidt og djupt, slik at større skip kan segla i det. Shanghais viktigaste hamnneområde ligg langs elvelaupet fra munninga og opp til Minhang. Elva er isfri året rundt og har jamn vassføring.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg