Hordalands Folkeblad

Hordalands Folkeblad er ei dagsavis i Norheimsund, grunnlagt 1873, kjem ut to gonger kvar veke. Lokalavis for Kvam kommune og Jondal i Ullensvang kommune. Redaktør: Sigbjørn Linga.

Historie

Avisen ble startet 1873 av Oddmund Børven som ukeblad under navnet Hardangeren, etter at enkelte spredte utgaver hadde kommet ut siden 1871. Avisen fikk tidlig navnet Søndre Bergenhus Folkeblad, deretter Hordalands Folkeblad og Hordaland Folkeblad.

Nils Skaar ble redaktør 1878 og eneeier 1889. Familien Skaar har siden eid avisen, og tre redaktører fra familien ledet avisen fra 1878 til 1990. Hordaland Folkeblad var lenge Venstre-avis, nå uavhengig.

«Skaaralappen» blir Hordaland Folkeblad kalla på folkemunne. Gjennom fem generasjonar har Skaar-familien gitt ut avis i Norheimsund, og avisa er dermed den eldste i Hordaland utanfor Bergen.

Tre bladstyrarar frå Skaar-familien styrte denne avisa gjennom 113 år, frå 1877 til 1990. Den siste, Bjørn Skaar, var redaktør i avisa i 58 år, berre avbrote av tre krigsår.

Bladet har kome ut i Norheimsund sidan 1873 og er den eldste eksisterande avisa i det gamle Hordaland fylke (altså utanom Bergen). Med sine vel 135 år er avisa for Kvam og Jondal også ei av dei eldste lokalavisene i landet.

Familien Skaar kom inn på eigarsida i 1877, gjennom Nils Skaar jr., ein klassisk venstremann med plass på Stortinget og hjarte for folkeopplysning og målsak. Han tok over etter skiparen, Oddmund Børve, som hadde lukkast med å få regularitet i bygdebladet Hardangeren frå 1873. Etter eigarskiftet blei avisa heitande Søndre Bergenhus Folkeblad. I det nye namnet låg ambisjonar om å lage ei folkeleg amtsavis for distrikta. Undertittelen «Venstreorgan for Hordaland» kom først på plass etter at Nils Skaar jr. tok over som eigar i september 1877, med redaktøransvar frå 1878.

Avisa sin politiske profil var stø som fjell under Skaar-redaktørane. Partiet Moderate Venstre var på bladjakt og greidde å setje foten i døra på mangt eit etablert Venstre-blad, men ikkje i Norheimsund. Hordalands Folkeblad (frå 16. mai 1945 Hordaland Folkeblad) var namnet på avisa frå 1901. På det tidspunktet var det skaarske avishuset så vidt ute av startgropa. Framfor avisa låg 90 gode år med ein Skaar på redaktørkrakken, Nils, Nils jr. og Bjørn. Så tidleg som i 1910 kom avisa ut tre dagar i veka, og det var tidleg målt mot andre bygdeblad i landsdelen. Avisa kom ut gjennom alle dei fem krigsåra, men dei tre siste med NS-innsette redaktørar. Etter krigen kom Hordaland Folkeblad tilvake som todagarsavis, og slik har det vore til no.

Bjørn Skaar var på plass att etter krigen og heldt fram familietradisjonen til 1990. Partitilknytinga blei, i tråd med moderne tenking, avvikla i hans tid.

Hordaland Folkeblad var tidleg ute med å setje vekk prentinga, som blei flytta til A‑pressa sitt trykkjeri i Odda i 1998, seinare til Media Trykk A/S på Kokstad.

Sidan 1967 har avisa vore åleine i Norheimsund og er i dag ei av fire aviser rundt Folgefonna. «Skaaralappen», som bladet blir kalla på folkemunne, har vore ei nynorskavis sidan tidleg i førre hundreåret.

Opplag

År Opplag
1920 2000
1932 1500
1958 1559
1970 2559
1983 4268
1998 5614
2008 5799
2015 5482

Fakta

  • Hardangeringen: noko nr. frå 1871, stabil utgjeving frå 27.12.1873. Siste nr. 31.12.1877
  • Skifta namn til Søndre Bergenhus Folkeblad. 10.1.1878 – 28.12.1900.
  • Hordalands Folkeblad: fyrste nr. 4.1.1901.
  • Skifta namn til Hordaland Folkeblad 16.5.1945.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg