Hordaland (avis)

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Hordaland er ei lokalavis som vert gjeven ut på Voss. Ho vart grunnlagt i 1883 og kjem ut tre gonger i veka. Dekningsområdet er Voss, Ulvik, Vaksdal, Granvin, Modalen, Eidfjord og Aurland. Avisa vert utgjeven av Hordaland Bladdrift AS.

Avisa Hordaland er, saman med avisa Sunnhordland, den eine av to leiande aviser i tidlegare Hordaland utanom Bergen. Namnet Hordaland var på plass som namn på avisa 26 år før Søndre Bergenhus amt i 1919 bytte namn til Hordaland fylke.

Historie

I Hardanger og på Voss blei det starta bygdeblad tidleg. Avisa Vossingen kom i 1871, og i 1883 kom Hordaland sin forløpar, Vossebladet.

Vossabladet

Vossabladet ble skipa av «Voss 17-mai-forening». Den første tida blei det trykt hos J.W. Eide i Bergen, men frå august 1886 blei det trykt i eige trykkeri på Vossevangen av P.J. Melvær, som også styrte bladet. Frå oktober 1892 blei Nils Bjørgum styrar og utgivar, og ved nyåret 1898 kjøpte Olaus Alvestad og Lorentz Nybø bladet og trykkeriet. Avisa har hatt den same eigarfamilien sidan 1898.

Politisk forankring

Avisa var eit svar på høgrekreftene si bladbygging på Voss sidan 1878. Vossebladet var eit resultat av venstrefolket si motmobilisering. Bladstyrarane i avisa blei då også vaktmeistrar for motkreftene i norsk politikk, i første rekkje målsaka og fråhaldssaka. Hordaland kom ut gjennom alle dei fem krigsåra under andre verdskrigen, dei tre siste under NS-redaktørar.

Hordaland

I 1889 auka avisa frå éi til to utgåver i veka. I 1916 fekk lesarane avisa tre gongar i veka. Etter få år, og i kraft av å verte åleine avis i dei indre bygdene i nordre Hordaland, famna bladet langt meir enn Voss. Slik fall det naturleg for Vossebladet å byte bladnamn til Hordaland frå 1893.

Avisa kom i 1992 inn i eige hus i Voss sentrum. Hordaland er ei av få aviser som framleis syter for prentinga sjølv, i eit moderne prenteverk under eige tak. Frå 2003 har avisa kome ut i tabloid format. I 2008 feira Hordaland 125 år og blei i jubileumsåret utnemnd til Årets avis. I 2021 innleia Hordaland eit nært teknisk og redaksjonelt samarbeid med Amedia, etter å ha hatt eit tilsvarande samarbeid med Polaris Media Sør frå 2017.

Hordaland på Voss er ei familieverksemd med lange tradisjonar, og med dette høyrer også uvanleg stabile opplagstal. Avisa blir distribuert frå Indre Sogn til Bergen og sørover til nordsida av Hardangerfjorden, tre gonger i veka. Halve opplaget blir distribuert til tingarar utanfor kjerneområdet.

Opplag

År Opplag
1920 2500
1932 2500
1950 5150
1960 5693
1970 6279
1983 9575
1993 10809
2008 9582
2015 7692
2017 7885
2018 7822
2019 8043
2020 8159
2021 8527

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Vossbladet: fyrste nr. 19. desember 1883. Siste nr. 31. desember 1892.
  • Skifta namn til Hordaland, fyrste nr. 4. januar 1893.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gjerdåker, Johannes: Med Hordaland gjennom 100 år, 1983

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4: Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg