Horda Tidend

Horda Tidend var ei avis som kom ut under namnet Vossingen frå 1925 og som skifta namn til Horda Tidend i 1929. Siste nummer av avisa kom i 1989.

Historie

Horda Tidend blei i 1929 bondeorganet for Voss og Hardanger, slik Firda Tidend fekk tildelt denne rolla i Sogn og Fjordane, fem år før.

Frå skipinga i 1920 jobba Bondepartiet intenst med å få aviser opp og gå på Vestlandet. På Voss blei grunnlaget lagt alt i 1914, med Bondebladet, som blei flytt til Bergen i 1922, for å bli ei meir vidtfemnande partiavis. Suksessen uteblei, og partiet drog Voss inn på bana att, no med bladet Vossingen i 1925, det tredje i rekkja av blad med dette namnet.

Fire år etter, i 1929, var tida inne for oppfølgjaren, Horda Tidend. Bladet skulle famne Voss og Hardanger og vere bondeskipnaden sitt organ, men likevel by på rom for avvikande politiske synspunkt. Med Horda Tidend var avisbiletet på Voss, med avisene Hordaland og Horda Tidend, lagt for dei neste 60 åra.

Som Vosse-blad og bondeorgan for den indre delen av fylket hadde Horda Tidend utsikter til å bite seg fast, men bladet blei sitjande fast i skuggen av Hordaland. Okkupasjonstida forverra rammevilkåra, Horda Tidend blei stogga av okkupasjonsmakta og blei borte frå arenaen i meir enn sju år, til 1949. Bladet streva i 25 år etter krigen med å krabbe over 2000 i opplag, konkurrenten hadde på det tidspunktet (1974) runda 7000.

Fleire tettstader, med to aviser frå gamalt, såg opplagsgapet vekse gjennom 1970-talet. Den minste sakka stadig meir akterut. Forutan på Voss ramla nr. to-aviser av opplagslasset i Leikanger og Florø på denne tida.

Men avisa klarte ikkje å overleve 1980-talet. Fem redaktørar prøvde et- ter 1981 å bringe Horda Tidend over kneiken. Undervegs erklærte avisa seg politisk uavhengig og fekk nye eigarar. Men sju år etter bladstyrar Johs Ringheim sin avgang gjekk Horda Tidend inn. Det skjedde trass i at avisas siste fulle år blei det opplagssterkaste nokon gong, med over 2000.

Horda Tidend sin redaksjon heldt til på Vangen all si tid, siststundes i 3. etasje over Voss Avhaldskafé. I 1982 gjekk bladet bort frå fullformatet og stod fram i nytt halvformat. I dei følgjande åra nyorienterte bladet seg på layout og marknadsarbeid.

Horda Tidend vann ny goodwill hjå næringslivet. I 1983 fekk bladet Voss næringssamskipnad sin pris, tildelt avisa for opplagsauke og ny giv. I 1989 gjekk avisa inn etter styrt avvikling.

Opplag

År Opplag
1932 1000
1950 1700
1960 1700
1972 1955
1983 1797
1987 2413

Fakta

  • Vossingen: fyrste nr. 1.9.1925.
  • Siste nr. 27.3.1929, skifta namn til Horda Tidend 3.4.1929–9.8.1941.
  • Fyrste nr. etter krigen 22.4.1949. Siste nr. 6.1.1989.

Les mer i Store norsk leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg