Faktaboks

Horacio Cartes

Horacio Manuel Cartes Jara

Fødd
5. juli 1956, Asunción
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Horacio Cartes, forretningsmann som var president i Paraguay i perioden 2013–2018.

Først politisk involvert i 2008, har Cartes hatt ei relativt kort politisk karriere. Han blei medlem av det sterkt høgreorienterte Coloradopartiet i 2009, med eit uttala ønske om å gjere Paraguay til ei motvekt mot dei mange andre venstrestyrte landa i regionen i denne perioden. Under slagordet «nuevo rumbo», som betyr ny kurs, gjekk Cartes til val på ei auka satsing på infrastruktur, effektivisering og modernisering av offentleg sektor og statlege bedrifter, jordreform og fleire arbeidsplassar. Han vann presidentvalet med 45,91 prosent av stemmene mot 36,84 prosent til motkandidaten Efraín Alegre frå partiet Partido Liberal Radical Auténtico.

Cartes er rekna som ein av Paraguay sine rikaste menn, og har hovudsakleg tent formuen sin i tobakksindustrien og gjennom bankverksemd. Både Cartes sjølv og hans veg heilt til topps i Paraguay sitt politiske system, har vore gjenstand for kontroversar og spekulasjonar. Han hadde fengselsopphald både i 1986 og i 1989 som følge av anklagar om valutasvindel, men blei begge gongene frikjend i retten. Både WikiLeaks-dokument og politiske motstandarar har i løpet av dei seinare åra knytt Cartes til både narkotikatrafikk og kvitvasking av pengar. Under valkampen i 2013 fekk han også stor merksemd for sine sterke reaksjoner mot homofile.

Eit av Cartes sine viktigaste bidrag i presidentperioden var innføringa av meir opne og gjennomsiktige politiske prosessar for å få bukt med den høge korrupsjonen i landet. Samstundes blei presidenten sterkt kritisert for å undertrykke sivilsamfunnet og ulike grupper sine krav om ein meir rettferdig fordeling av goder, til fordel for innføringa av ein neoliberal økonomisk struktur.

Cartes hadde gjennom heile perioden som president problem med å få gjennomslag for reformane han lova under valkampen, då han anten måtte forhandle med det Liberale partiet eller ein koalisjon på venstresida om gjennomslag.

I Paraguay kan presidenten berre sitje i ein periode på fem år. I 2016 ytra Cartes likevel eit ønske om å stille til val som president for ein ny periode, noko som eventuelt først måtte føre til ei kontroversiell grunnlovsendring i landet. Ei slik lovendring blei fremja av Cartes sine støttespelarar, men etter store protestar hos opposisjon og i sivilsamfunnet blei forslaget stoppa.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg