Faktaboks

Hjellegjerde
Offisielt namn
HJELLEGJERDE AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Sandnes
Dagleg leiar
Leif Roar Høiland
Styreleiar
Arne Incoronato
Stol
Sigurd Resell for Rastad & Relling Tegnekontor. Modell: Blinken. Produsert av Hjellegjerde. I produksjon frå 1956.
Stol
Av .
Stol
Odd Knutsen. Modell: Luna. Produsert av Hjellegjerde. Teikna ca. 1973.
Stol
Av .
Sofa

Adolf Relling ved Rastad & Relling Tegnekontor. Modell: Tor. Produsert av Hjellegjerde. Teikna i 1963 og i produksjon frå 1964.

Sofa
Av .

Hjellegjerde er ein norsk møbelprodusent i Sandnes. Dei fokuserer særleg på stoppa møblar som sofaer og lenestolar.

I dag inngår Hjellegjerde i konsernet Interstil Holding som også har møbelprodusenten Hødnebø.

Historie

Hjellegjerde vart etablert i 1941 av brørne Mindor og Otto Hjellegjerde. Nokre år seinare vart broren Ingvald med i firmaet. I løpet av det kommande tiåret vart dei ein av dei leiande møbelprodusentane i landet. Dei innsåg straks at godt designa produkt var vegen å gå for å nå til ein større marknad.

Rastad & Relling og storseljaren Blinken

I 1950- og 1960-åra var samarbeidet med Rastad & Relling Tegnekontor viktig. Eitt eksempel er Blinken, designa av Sigurd Resell som ei fellesoppgåve ved Rastad & Relling. Stolen vart så populær at Hjellegjerde måtte utvide fabrikken. Frå 2020 er Blinken igjen i produksjon. Ein annan populær modell frå teiknekontoret var Gnist som vart produsert i rundt 20 år.

Ingmar Relling formgav fleire modellar for Hjellegjerde. Stålrøyrstolen Noro var godt eigna for kontraktsmarknaden, som skular, forsamlingslokale og offentlege bygg. Armelenestolen Arvo derimot var ein solid modell som var mest brukt i private heimar.

Mange samarbeidspartnarar

Omkring 1970 inngjekk Hjellegjerde i fellesskap med LK Hjelle og Hole & Lillebøe eit samarbeid med Møre Designteam. Saman hadde produsentane einerett på dei nye modellane til designteamet av stoppa møblar. I 1970-åra formgav oppfinnaren og designaren Odd Knutsen nokre av storseljarane til firmaet. Stolene Luna og Sonic var konstruert etter hengjekøyeprinsippet med sete montert på understell i tre eller metall. Glidestolen Manjana med understell i stålrøyr var påverka av Stressless, men hadde likevel eigenart. Kvilestolen Spring frå 1987/1988 vart formgjeve av Asbjørn Synnes.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hjellegjerde, Mindor (1991), En møbelbedrift blir til: Hjellegjerde Møbler A/S 1941–1991, Hjellegjerde
  • Linder, Mats (2016), Rastad & Relling Tegnekontor, Form Forlag

Faktaboks

Hjellegjerde
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
46.471 Engroshandel med møbler

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg