Hjalmar Falk var ein norsk språkforskar, professor i germansk filologi ved Universitetet i Oslo frå 1897.
Falk fekk avgjerande impulsar frå Sophus Bugge og gjorde tidleg germansk og nordisk språk- og segnhistorie, mytologi og folkeminne til forskingsfelt.
Han skreiv fleire bøker om språklege emne og om norske språk- og rettskrivingsspørsmål. Saman med Alf Torp gav han ut Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (2 band, 1903–1906; faksimileutgåve i 1991; tysk omarbeidd utgåve 1910–1911).
Saman med Marius Hægstad kom han med forslag til namnet fylke for amt og fleire forslag til nye fylkesnamn og kommunenamn, som sidan vart gjennomført. Han var formann i rettskrivingskomiteen som resulterte i reforma av 1917.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.