Fra Spelet om Heilag Olav på Stiklestad. Bildet er tatt under forestillingen 27. juli 2012.
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Historiske spel er ein eigen sjanger innan friluftsteater. Eit historisk spel er kjenneteikna ved at handlinga er henta frå historia eller fortida, og at spelet er knytt til, og blir framført på, den lokale staden handlinga utspant seg. Spelet kan handle om ei reell historisk hending, ei segn eller myte, eller ei forteljing som har gått på folkemunne gjennom mange generasjonar. Personane i spelet kan anten vere oppdikta eller reelle historiske personar.

Stiklestadspelet, Spelet om Heilag Olav, frå 1954, er det eldste norske spelet som framleis er aktivt.

Stedsspesifikt teater

Historiske spel er ei blanding av fri dikting og historiske hendingar. Det autentiske materialet varierer sterkt frå spel til spel. Spelet er oftast skrive og dramatisert i forhold til scenografien på staden, det vil seie naturen, kulturlandskapet, historiske bygningar, fortidsminne og liknande, som har noko av historia i seg. Difor er dei historiske spela så sterkt knytte til staden, og er vanskelege å setje opp inne i ein teatersal eller på ein turné.

Tema

Tradisjonelt har tema for historiske spel vore henta frå middelalderen, gjerne vikingtid, rikssamling eller kristninga av landet, som hovudfokus. Etter kvart, særleg dei seinare åra, er tema henta frå nyare tid. Nasjonal frigjering, unionsoppløysing, industrireising og arbeidskonfliktar, utvandring, og andre sentrale utviklingstrekk i samfunnet, har blitt brukt som tema. Men heile tida blir handlinga spunne rundt det lokale uttrykket, og den lokale historia, gjerne i eit nasjonalt perspektiv.

Nokre friluftsspel som er i grenseland til denne historiske genren, har henta temaet frå litterære tekstar utan historisk innhald, det vil seie tekstar som ikkje knyter handlinga direkte til historiske hendingar eller forteljingar. Eit slikt spel er Peer Gynt ved Gålåvatnet i Vinstra. Også Kristinspelet, som er basert på Sigrid Undset sin romantrilogi Kristin Lavransdatter, er døme på eit slikt historisk spel. Om Peer Gynt og andre friluftsspel med meir litterær bakgrunn skal tilhøyre den historiske sjangeren, blir eit akademisk spørsmål rundt definisjonen.

Lokalt engasjement

Ei anna karakteristisk side ved denne sjangeren er det store innslaget av frivillig dugnadsinnsats på og bak scena, og samarbeidet mellom profesjonelle, amatørar og statistar. Dette er verkeleg stormønstring av lokale krefter saman med profesjonelle aktørar, og ein slik innsats kan berre finne stad ein gong i året, nokre dagar i ein kort hektisk periode. Mindre lokalsamfunn, med mindre spel, treng gjerne to eller fleire år for å samle nye krefter til ei slik storsatsing.

Grovt rekna er det over 200 000 personar som ser eit eller anna historisk spel i Norge kvart år. Årleg er det i snitt over 70 spel som har framsyningar, og bak dette står det rundt 20 000 aktørar på og bak scena. Dette er store kulturelle løft som finn stad rundt i distrikta. Sett i relasjon til alle positive ringverknader på lokalmiljøet, engasjerte deltakarar i alle aldrar, godt oppvekstmiljø, næringsliv, identitet og merkevare, er dette svært vellukka kulturprosjekt.

Spelforfattarar

Saman med oppblomstringa av mange spel sidan 1990-talet har det òg vakse fram ei gruppe profesjonelle spelforfattarar. Dei fleste spela er rett nok skrivne av lokale forfattarar som med bakgrunn i sin nærleik til stoffet har fått inspirasjon og kompetanse til å lage eitt eller fleire lokale spel. Men særleg bak dei store og veletablerte spela står det profesjonelle forfattarar. Dei mest kjende av desse er: Johannes Heggland, Erling Pedersen, Rolf Losnegård, Vera Henriksen, Edvard Hoem, og Peder W. Cappelen.

Utbredelse nasjonalt

Fotografi fra "Maridalsspillet" (2007)

Fotografi fra Maridalsspillet i Oslo i 2007.

Dei historiske spela finst i alle delar av landet, med den største konsentrasjonen i Trøndelag, sørover langs Vestlandet og Austlandet. I Troms og Finnmark er det registrert få aktive spel.

Dei fleste historiske spela i Norge er komne til etter 1990. Særleg rundt dei store nasjonale jubilea, kyrkjejubileet i 1995, årtusenskiftet i 2000, og 100-årsjubileet for unionsoppløysinga i 2005, kom det mange nye spel. Nokre har halde fram, andre har falle frå. Det er rundt 140 aktive friluftsspel i Norge. Om lag halvparten av desse kjem med oppsetningar kvart år. Andre har oppsetning annakvart eller kvart tredje år.

Stiklestadspelet, Spelet om Heilag Olav, er det mest kjende og det eldste norske spelet som framleis er aktivt. Urpremieren var i 1954. Spelet kom i stand etter initiativ av lensmann Jon M. Suul og blei framførd på garden Sul. Tittelen på denne første oppsetninga var Natterast på Sul.

Internasjonale spel

Historiske skodespel som friluftsteater er ikkje berre eit norsk fenomen. Ulike tablå og teaterstykke har gjennom hundreåra blitt framførte på utescener heilt attende til antikken. Dei er ein del av dramaet og teateret si internasjonale historie. Stiklestadspelet var i si tid kanskje mest inspirert av Arnljotspelen (historia om høvdingen Arnljot Gelline) som hadde urpremiere i 1935, på Frösön ved Östersund.

Av utanlandske europeiske spel elles kan nemnast pasjonsskodespelet i Oberammergau i Bayern. Det blir framført kvart tiande år, i år som sluttar på 0. Første framsyninga var i 1634.

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ohrem, Sigurd (2005). Spillet om stedet – Historiske spel i Norge. Sandefjord: Purgatorio Forlag AS.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg