Himanshu Gulati

Faktaboks

Himanshu Gulati
Født
16. juni 1988, Førde, Vestland
Himanshu Gulati
Stortinget.

Himanshu Gulati er ein norsk politikar for Framstegspartiet (Frp), som har representert Akershus på Stortinget sidan 2017. Han var formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU) frå 2012 til 2014 og statssekretær i regjeringa Solberg frå 2013 til 2017.

Bakgrunn

Himanshu Gulati er fødd i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og voks opp i Høyanger i Sogn og Fjordane og Lillestrøm i Akershus (no Viken). Han tok vidaregåande skule 2004–2007, valde å avslutte medisinstudiet ved Universitetet i Oslo første året og reiste til Mumbai i India for å studere filmskaping. Han tok ein bachelorgrad i økonomi og leiing ved Handelshøyskolen BI 2008–2010. Gulati har norsk-indisk bakgrunn.

Politisk karriere

2008–2010 var Gulati internasjonal leiar i FpU og formann i Akershus FpU. Han var nestleiar i FpU i 2010–2012 og leiar i FpU i 2012–2014. Gulati var styremedlem i Skedsmo og Oslo Framstegsparti og kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet i Skedsmo kommune frå 2007 til 2019.

I 2010–2012 var han byrådssekretær for helse- og eldreomsorg i Oslo og arbeidde som politisk rådgivar for Framstegspartiet si gruppe på Stortinget. Gulati var vararepresentant til Stortinget frå Akershus for Framstegspartiet for periodane 2009–2013 og 2013–2017. Gulati er sidan 2017 stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus. Han var medlem av justiskomiteen i 2017–2020, av familie- og kulturkomiteen i 2020–2021 og er sidan 2021 medlem av utdannings- og forskingskomiteen.

Gulati var statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet i 2013–2014, ved Statsministerens kontor i 2014–2017 og ved Kulturdepartementet i 2016–2017. Politisk arbeider han for strengare innvandringspolitikk og lågare skattar. Når det gjeld distriktspolitikk, vil han setje ned avgiftene på bilar, satse på vegutbygging og gi kommunane større råderett over areala sine.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg