Hill-Marta Solberg

Faktaboks

Hill-Marta Solberg
Født
12. november 1951, Sortland, Nordland
Hill-Marta Solberg.
.

Artikkelstart

Hill-Marta Solberg er tidlegare fylkesmann i Nordland, tidlegare stortingsrepresentant frå Nordland for Arbeidarpartiet (Ap) og tidlegare sosialminister i regjeringane Brundtland III og Jagland. Ho var sentral i leiinga i Arbeidarpartiet i nesten 20 år.

Bakgrunn

Hill-Marta Solberg er fødd på Sortland i Nordland. Ho tok vidaregåande skule i 1967–1970, var student ved Trondheim lærerskole i 1970–1973 og tok grunnfag i norsk i 1974 og grunnfag i historie i 1975 i Trondheim. Ho arbeidde som lærar i Mo i Rana i 1975–1976, i Harstad i 1976–1977 og på Sortland i 1977–1987.

Politisk karriere

Solberg var varamedlem til Sortland kommunestyre i 1979–1983, medlem av formannskapet i 1983–1987 og ordførar i Sortland i 1987–1993. Ho var nestleiar og sekretær i Sortland Ap i 1989–1993, medlem av styret for Nordland Ap i 1991–1993, medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 1990–2007 og nestleiar i partiet i 1992–2007.

Solberg var stortingsrepresentant frå Nordland for Arbeiderpartiet i fire periodar, frå 1993 til 2009. Ho var mellom anna medlem av finanskomiteenStortinget i 1993–2005, der ho var nestleiar i 1997–2000 og første nestleiar i 2001–2005. I 2000–2001 og i 2005–2009 var ho medlem av utanrikskomiteen. Ho var samstundes parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet i 2000–2001 og i 2005–2009.

Solberg var statsråd i Sosial- og helsedepartementet som sosialminister i den tredje regjeringa til Gro Harlem Brundtland i 1994–1996 og deretter i Thorbjørn Jagland si regjering i 1996–1997. Etter 16 år på Stortinget blei ho utnemnd til fylkesmann i Nordland i 2009, ei stilling ho hadde fram til 2018.

Andre verv

Solberg har hatt mange administrative verv og tillitsverv, mellom anna som leiar av styret i Vinmonopolet frå 2009, medlem av Nordområdeutvalget i 2010–2013 og er leiar i den statlege Karanteneutvalget frå 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg