Hilding er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Hildingr. Namnet kjem av ordet hildingr som tyder ‘hærmann, høvding’.

Personar med namnet Hilding

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var bestyrar Hilding Førlie fødd 1878 i Halden. Hilding vart tatt i bruk tidlegare i Sverige (1842), og det er ikkje uventa at den fyrste Hilding kom til verda i grensebyen Halden.

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Hilding

Eit utval personar med namnet Hilding, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Hilding som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Hilding i perioden 1900–2017, var det 69 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Hilding. Dette inneber at 31 prosent hadde Hilding som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg