Hildegunn er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Hildi-gunnr. I dette toledda namnet tyder både forleddet og etterleddet ‘strid’.

I Gunn-hild er leddrekkjefølgja omvendt. Hildegunn er truleg eit tidleg lån frå tysk. Namnet kan bli uttalt både med tonelag 2 (som i Ingeborg) og tonelag 1 (som i Ingebrigt). Samansette namn av nordisk opphav har normalt tonelag 2.

Namnet har fleire variantar: Hildegun, Hildegunn, Hildgunn, Hilgunn, Hillgunn.

Namnedag er 17. september. Hildebjørg har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Hildegunn

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var gardbrukarkone Hildegund Møller, fødd 1863 i Drammen, busett i Bolsøy i 1900.

Kulturell bruk

  • Forteljinga «Hildegunn» (1933) av Guri Trygsland.
  • Romanen «Hildegunn» (1942) av Halldis Moren Vesaas.

Kjende personar med namnet Hildegunn

Eksempel på ein person med namnet Hildegunn som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 840 kvinner i Noreg som hadde Hildegunn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Glanstida for dei nordiske samansette kvinnenamna var perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Hildegunn var på topp mykje seinare (1970-åra). Ifølgje NPL3 (s. 248) kan populariteten etter krigen vere inspirert av tolken Hiltgunt Zassenhaus (1916–2004) som hjelpte danske og norske fangar som satt i tyske fengsel. Dette er truleg grunnen til at Hildegunn vart populært seinare enn andre samansette namn.

Utvikling i bruk av namnet Hildegunn frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Hildegunn frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg