Hildebjørg

Artikkelstart

Hildebjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Hildibjǫrg med opphav i gammalhøgtysk Hildi-burg. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘strid’ og etterleddet ‘berging’.

Namnet har fleire variantar: Hillbjørg, Hilbjørg, Hildbjørg, Hildebjørg.

Namnedag er 17. september. Hildegunn har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Hildebjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg