Hið íslenska bókmenntafélag

Hið Íslenska bókmenntafélag (Det islandske litteraturselskapet) er ei islandsk litteraturforeining som vart oppretta i 1816 av Rasmus Rask, Finnur Magnússon og Bjarni Thorsteinsson.

Faktaboks

Også kjent som
Hið íslenzka bókmenntafjelag

Føremålet med foreininga er å støtte islandsk språk og litteratur ved utgjeving av bøker på islandsk. Foreininga har no setet sitt i Reykjavík, men fram til 1911 hadde det to sjølvstendige avdelingar, den eine i Reykjavík og den andre i København, kvar med sitt styre.

Selskapet gjev ut årsskriftet Skírnir, som vart grunnlagt i 1827 og som truleg er det eldste tidsskriftet i Norden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg