Herold, som er eit tysk mannsnamn, går tilbake til Her-wald. Forleddet tyder ‘hær’ og etterleddet ‘herskar’.

Herold svarer til det nordiske Harald. Framandordet herold, som tyder ‘utropar’, ‘speaker’, har same språklege bakgrunn som namnet Herold.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 140 menn (fødde i Noreg) som hadde Herold som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg