Herbjørn Sørebø

Faktaboks

Herbjørn Sørebø
Født
25. april 1933, Fjaler, Vestland
Død
29. mars 2003, Lørenskog, Viken

Herbjørn Sørebø med et utvalg av sin litterære produksjon. Foto 1989.. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Herbjørn Sørebø
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Herbjørn Sørebø var politisk journalist, forfattar, kommentator og kåsør. Han var tilsett i NRK i meir enn 30 år og var med på å utvikle den politiske journalistikken i Noreg. Sørebø var ein synleg nynorskmann, som i fleire år fekk mykje kritikk for språket sitt.

Bakgrunn

Herbjørn Sørebø var fødd i Fjaler i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Lørenskog i Akershus (no Viken). Han tok examen artium ved Firda landsgymnas og studerte ved Journalistakademiet i 1955–1956.

Journalistikken

Sørebø var med i redaksjonen i Firdanytt i 1952, var redaksjonssekretær i Norsk Barneblad i 1954–1956 og journalist i Vårt Land i 1956–1964. Frå 1964 og resten av arbeidslivet var han tilsett i NRK, først i NRK Radio som stortingsmedarbeidar, deretter i NRK Fjernsyn. Han var leiar for den innanrikspolitiske avdelinga i NRK i 1972–1988 og sjef for NRK Dagsrevyen i 1988–1990. Fram til 2001 hadde han ei fri stilling som programdirektør i NRK. I tillegg heldt Sørebø kåseri i programmet Søndagsposten i NRK og hadde ei fast spalte i Dag og Tid i 28 år, ei avis han var med å starte.

Sørebø hadde svært stor arbeidskapasitet, og han var til stades der det skjedde. I mange år arbeidde han som NRK sin journalist på Stortinget, og saman med Lars Jacob Krogh var han ein markant reporter som dekte valkampar og val på NRK og stilte kritiske spørsmål til politikarane. Han var ein føregangsmann i utviklinga av norske medium og blei etter kvart ein folkekjær journalist. Andreas Skartveit omtaler han som «den fremste nynorske mediemannen i sin generasjon».

Forfattarskapen

Sørbø gav ut nærmare 50 bøker, mellom anna biografiar, humorbøker, diktsamlingar, viser, reiseskildringar, aforismesamlingar, noveller og kriminalromanar. Han gav ut førti av dei rundt femti bøkene sine på Det Norske Samlaget. Han debuterte med Minuttdemokratiet. Politikk i radio og fjernsyn (1970). Humorboka Bønder spelar ikkje tennis (1972) blei svært populær, og det blei òg bøkene om norske smil. Sørebø var dessutan medforfattar av teikneserien Truls og Guri i Norsk Barneblad.

Språkarbeidet

Sørebø hadde eit livslangt engasjement for nynorsk og hadde mange tillitsverv i norsk presse. Han var styreleiar i Dag og Tid i 1966–1967, styreleiar i Nynorsk Pressekontor i 1975–1985 og rådsmann i Norsk Barneblad i 1990–1996. Han var pressekonsulent i Noregs Mållag, medlem av Norsk språkråd i 1992–2000, styremedlem i Det Norske Teatret i 1996–2002 og leiar i språkutvalet til NRK i ei årrekkje.

Utmerkingar

Sørebø fekk Kringkastingsprisen (1982), Vinjeprisen frå Riksfondet for nynorsk presse (1987) og Kongens fortenestemedalje i gull i 2003.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg