Faktaboks

Herbjørg Wassmo

Herbjørg Margaretha Wassmo

Fødd
6. desember 1942, Myre i Vesterålen
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Hans Christian Hanssen og Hjørdis Andersen.

Herbjørg Wassmo

Herbjørg Wassmo

Av /NTB ※.

Herbjørg Wassmo er ein norsk lyrikar og forfattar som har fått brei internasjonal anerkjenning. Ho har gitt ut både romanar, diktsamlingar og skodespel. Trilogiane om Tora og Dina er sentrale i forfattarskapen.

Bakgrunn

Herbjørg Wassmo tok lærarskuleeksamen ved det som då heitte Nesna lærerskole i 1963. Ho arbeidde først fire år i Honningsvåg, sidan ni som lærar i Lødingen. Her debuterte ho med diktsamlinga Vingeslag i 1976. Etter dette studerte Wassmo litteraturvitskap ved Universitetet i Tromsø, og i 1981 kom Huset med den blinde glassveranda, romanen som gjorde henne kjend for eit breitt publikum.

Wassmo har sete i styret til Den norske Forfatterforening i tre periodar, sist frå 2015 til 2017.

Forfattarskap

Romanen Huset med den blinde glassveranda var første bind i forteljinga om tyskarungen Tora sin vanskelege oppvekst. Trilogien vart fullført i 1986 med Hudløs himmel. Også bøkene om Dina er sentrale i forfattarskapen, Dinas bok kom i 1989. Eit av kjenneteikna til Wassmo er metaforbruken og det biletrike språket, som ho òg nyttar i lyrikken. Wassmo har òg gitt ut ein dokumentarroman, noveller, skodespel og ei barnebok.

Wassmo er ein dei største forteljarane i norsk litteratur og ein av dei mest lesne forfattarane. Ho er heidra med ei lang rekkje prisar og utmerkingar, både i Noreg og internasjonalt, mellom anna Kritikarprisen (1981), Nordisk råds litteraturpris (1987) og Brageprisens heiderspris (2010). Ho er utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden (2007) og riddar av den franske ordenen for kunst og litteratur i 2011. Ho er så langt omsett til 26 språk.

Poetisk forteljarstemme

Herbjørg Wassmo har ei særmerkt, poetisk og kraftfull forteljarstemme, og bøkene hennar er eit viktig bidrag innanfor den realistiske og modernistiske forteljetradisjonen. Forfattaren har eit særleg auge for sårbare karakterar, og for kampen for menneskeverd og rettferd. Barnet som ser, men som sjølv ikkje vert sett, er eit tema som forfattaren stadig vender tilbake til. Ofte er det eit kvinneperspektiv i tekstane. Wassmo tematiserer skam, skuld, frigjering, hemn, tilgiving og forsoning. Oppvekst, kvinneliv og barsk nordnorsk røyndom er raude trådar i forfattarskapen.

Etter at ho debuterte med diktsamlinga Vingeslag i 1976, kom samlinga Flotid året etter. Der er dikta delvis skrivne på dialekt. Den første romanen, Huset med den blinde glassveranda, kom i 1981, og med den fekk Wassmo det litterære gjennombrotet sitt.

Huset med den blinde glassveranda er det første bindet i trilogien om Tora. Med Det stumme rommet (1983) og Hudløs himmel (1986) vart forteljinga om tyskarungen Tora fullført. Tora er ei ung jente med ein vanskeleg arv, ho er tyskarunge i etterkrigstida i Nord-Noreg og vert seksuelt misbrukt av stefaren sin. Romanen fortel om kampen hennar for å overleve og utvikle seg i oppveksten, og om skamma og vanskane som følgjer med det å være tyskarunge. Tora-trilogien er òg ei svært frodig og naturalistisk skildring av livet og menneska i eit lite øysamfunn nordpå og er ei spennande skildring av denne tidsepoken.

Bøkene om Dina

Første bind i Wassmo sin neste trilogi, Dinas bok, kom i 1989. Handlinga er lagd til ein travel handelsstad i Nord-Noreg rundt 1850. Den berande karakteren Dina er alt det Tora ikkje er: handlekraftig, maktglad og eigenrådig, ei urkraft som bryt dei strenge normene i samtida om kva ei kvinne kan gjere. Reinsnes heiter handelsstaden der den dominerande Dina styrer forretningar, menn og arbeidsfolk som det passar henne. Som Tora har Dina hatt dramatiske og øydeleggjande barndomsopplevingar, som pregar personlegdomen hennar livet ut.

Bok nummer to, Lykkens sønn (1992), handlar mest om Benjamin, son til Dina, som studerer medisin i København. Han var som gut vitne til at Dina skaut ein av elskarane sine, men for å beskytte mora si laug han og sa at drapet var eit uhell. Skuldkjensla pregar han som vaksen og påverkar dei vala han tek i livet.

I Karnas arv (1997) vert trådane samla med ein ny generasjon på Reinsnes. Dina-trilogien er kjenneteikna av saftige miljøskildringar, fargerik biletbruk og er ispedd sitat frå Bibelen. Som i Tora-trilogien vert svik, val, offer- og skuldproblematikk gjennom fleire generasjonar tematisert. Filmen Jeg er Dina, som er basert på Dinas bok, kom i 2002.

I 2017 kom ei fjerde bok i serien om Dina, Den som ser.

Sjølvbiografisk

Romanen Et glass melk takk (2006), er ein viktig kommentar til styresmaktene sine mangelfulle tiltak mot menneskehandel. Dei to romanane Hundre år (2009) og Disse øyeblikk (2013) er delvis sjølvbiografiske. Wassmo har brukt familiehistoria si, oppveksten og sitt eige liv som råmateriale for diktinga. Og ho har òg skrive om faren som misbrukte henne seksuelt som barn.

Utgivingar

  • Den som ser (Roman, Gyldendal, 2017)
  • Disse øyeblikk. (Roman, Gyldendal, 2013)
  • Hundre år. (Roman, Gyldendal, 2009)
  • Et glass melk takk. (Roman, Gyldendal, 2006)
  • Flukten fra Frank. (Roman, Gyldendal, 2003)
  • Det sjuende møte. (Roman, Gyldendal, 2000)
  • Karnas arv. (Roman, 1997)
  • Hemmelig torsdag i treet. (Barnebok, 1996)
  • Fire fortellinger. (Noveller, 1995)
  • Lykkens sønn. (Roman, 1992)
  • Lite grønt bilde i stor blå ramme. (Prosa, 1991)
  • Dinas bok. (Roman, 1989)
  • Hudløs himmel. (Roman, 1986)
  • Mellom-landing. (Dramatikk, 1985)
  • Veien å gå. (Sakprosa, 1984)
  • Det stumme rommet. (Roman, 1983)
  • Juni-vinter. (Dramatikk, 1983)
  • Huset med den blinde glassveranda. (Roman, 1981)
  • Flotid. (Lyrikk, 1977)
  • Vingeslag. (Lyrikk, 1976)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ellefsen, Karin Elisabeth: Om Huset med den blinde glassveranda av Herbjørg Wassmo, 1997, isbn 82-91511-58-6
  • Krogsveen, Randi Christina C., red.: Født av spindel og jern : om Herbjørg Wassmos forfatterskap, 2000, isbn 82-02-19851-8
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998, isbn 82-02-15478-2

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg