Henrik Greve Hille

Faktaboks

Henrik Greve Hille
Født
1. oktober 1881, Vang ved Hamar
Død
31. mai 1946, Hamar
Biskop Henrik Greve Hille.
/Oslo Museum.

Artikkelstart

Henrik Greve Hille var ein norsk teolog og biskop. Han var biskop i Hamar frå 1934. Under andre verdskrigen var Hille medlem av den mellombelse kyrkjeleiinga, som frå juli 1942 koordinerte kyrkjekampen og markerte det endelege brotet mellom kyrkja og NS-staten. I februar 1942 la han ned embetet saman med dei andre biskopane.

Biskop

Han vart cand.theol. i 1905, og etter nokre år som lærer byrja han som hjelpeprest ved Vår Frelsers kyrkje i Oslo i 1913. Han var sokneprest i Varteig frå 1919, tilbake til Oslo i 1927, frå 1931 som domprost. Frå 1934 var Hille biskop i Hamar bispedømme. Under andre verdskrigen la dei norske biskopane ned embeta sine 24. februar 1942 og oppretta den mellombelse kyrkjeleiinga i juni same år. Hille vart då ein av dei tre biskopane i leiinga, og vart forvist i desember 1942.

Han var son av Hamar-biskop Arnoldus Marius Hille og far til Georg Hille, også han biskop i Hamar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg