Henning Skumsvoll

Faktaboks

Henning Skumsvoll
Født
15. mars 1947, Farsund, Agder

Artikkelstart

Henning Skumsvoll er sivilingeniør og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (Frp) frå Vest-Agder i 2005–2013.

Bakgrunn

Henning Skumsvoll er fødd i Farsund i Vest-Agder (no Agder). Han tok examen artium ved Farsund gymnas i 1967, sivilingeniørstudiet i 1968–1972 og bedriftsøkonomi i 1972–1973 ved Heriot-Watt University i Skottland. Han arbeidde som ingeniør i Livingston i Skottland i 1973–1977, som sivilingeniør i 1977–1981, og som teknisk sjef i Kvinesdal kommune i 1981–1986 og seinare i Farsund kommune i 1993-1994. I 1986–1989 arbeidde han som bistandsattaché i Tanzania for Departementet for utviklingshjelp. I 1990–1993 arbeidde han som utbyggingssjef ved Tinfos Jernverk og i 1994-2005 arbeidde han som teknisk sjef og prosjektsjef ved Elkem Aluminium Lista.

Politisk karriere

Skumsvoll var medlem av Farsund kommunestyre frå 1995 til 2003, varaordførar i 2003–2007 og var nestleiar i Vest-Agder Frp i 2004–2005. Han var stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vest-Agder i 2005-2013. Han sa frå seg attval ved valet i 2013. I 2005-2009 var han medlem av forsvarskomiteenStortinget og i stortingsperioden 2009-2013 var han medlem av energi- og miljøkomiteen. Politisk arbeidde han for betre vilkår for næringslivet, vegutbygging, utdanning, forsking og mindre byråkrati.

Andre verv

Skumsvoll var nestleiar i Lista idrettslag i 1964–1966, kasserar i Rotary International i 1990–1995, medlem av styret for Lista Lufthavn AS (LILAS) i 1999–2003 og medlem av styret for Sørlandets Industrisenter i 2002–2005.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg