Hendrik er eit mannsnamn. Det er ein variant av Henrik som er nedertysk form av Heinrich av gammalhøgtysk Haimi-rich. Forleddet tyder ‘heim’ og etterleddet ‘mektig; herskar’. Forleddet Hein- i Hein-rich kan også gå tilbake til gammalhøgtysk Hagen- med tydinga ‘inngjerding; hamnehage’.

Lydendringa frå Henrik til Hendrik har skjedd i fleire språk, mellom anna i nederlandsk. Det same endringa [nr] til [ndr finn vi også i nokre norske namn, til dømes Eindride og dessutan i nokre norske bøyingsformer, til dømes komparativ indre av inn.

Namnet har fleire variantar: Hendrik, Henrich, Henrik.

Kjende personar med namnet Hendrik

Eit utval personar med namnet Hendrik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 110 menn (fødde i Noreg) som hadde Hendrik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Hendrik på 1800-talet.

Hendrik var mest brukt i Bergen og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Hendrik på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Hendrik var mest brukt i Bergen og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Hendrich.)

Historisk bruk av namnet Hendrik
Historisk bruk av namnet Hendrik
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2014: En-d-re, Hen-d-ry og Is-t-rael – om epentetisk [d] og [t] i namn. I: Gulbrand Alhaug, Tove Bull og Aud-Kirsti Pedersen (red.): [Endre-boka – postfestumskrift til Endre Mørck]. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg