Hemsingfestivalen
Konsert i Aurdal kirke under Hemsingfestivalen 2019. Frå venstre: Einar Olav Larsen, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing og Gjermund Larsen.
Av .

Hemsingfestivalen er ein klassisk musikkfestival som blir arrangert i Aurdal i Valdres. Det er fiolinistane Ragnhild Hemsing og Eldbjørg Hemsing som står bak festivalen.

Hemsingfestivalen har som formål å presentere og skape interesse for klassisk musikk. Både norske og utanlandske utøvarar innanfor klassisk musikk spelar på festivalen.

Etablering

Hemsingfestivalen blei etablert i Aurdal i Valdres i 2013 av søstrene Ragnhild Hemsing og Eldbjørg Hemsing, som begge er klassisk utdanna fiolinistar, i tillegg til at dei spelar hardingfele. Hemsingfestivalen er ein vinterfestival for «intime møte med stor musikk», som arrangøren sjølv seier det. Sidan skipinga har festivalen vore arrangert årleg.

Utøvarar

Mange av utøvarane som spelar på festivalen, er internasjonalt kjende musikarar som Ragnhild og Eldbjørg Hemsing har møtt gjennom si eiga kunstnarverksemd, til dømes Andreas Brantelid, Anna Fedorova, Mari Eriksmoen og Tor Espen Aspaas. Også folkemusikk kan opplevast på festivalen, sidan Hemsing-søstrene har vakse opp med folkemusikktradisjonen i Valdres.

Arrangement

Hemsingfestivalen blir arrangert i veke 8 og varer i fem dagar. Festivalen har frukost-, lunsj- og kveldskonsertar, familiekonsertar, foredrag og musikk-kviss. Det meste går føre seg i Aurdal kyrkje, men også andre lokale i nærmiljøet blir tekne i bruk, til dømes Valdres Folkemuseum. På festivalhotellet, Nythun, er det frukost- og kveldskonsertar, og ein kan bli med på guida skitur frå Nythun til konsertar i fjellkyrkja på Aurdalsåsen. Festivalleiinga understrekar at det er viktig å halde på den intime atmosfæren festivalen har hatt frå starten.

Saman med Valdres Sommersymfoni inviterer Hemsingfestivalen til ein årleg julekonsert vekselvis i Aurdal og på Fagernes.

Organisasjon

Hemsingfestivalen er organisert som eit aksjeselskap med eit eige styre. Festivalsjef for Hemsingfestivalen er Ragnhild Hemsing. Saman med Eldbjørg Hemsing er ho også kunstnarleg leiar for festivalen. Administrasjonen består i dag av festivalsjefen, ein prosjektleiar og dei kunstnarlege leiarane. Festivalen har også hjelp av rundt 50 frivillige som har ulike oppgåver under sjølve festivaldagane. Festivalen har fleire sponsorar og får støtte frå mellom andre Eckbos legat. Hemsingfestivalen bruker nynorsk og engelsk på nettet og i festivalprogramma.

Media

I 2017 laga NRK eit program om Hemsingfestivalen til programmet Hovedscenen. Og i 2019 laga den tyske radiostasjonen BR Klassik ein 30 minutts dokumentar om Hemsingfestivalen, send på tysk fjernsyn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg