Faktaboks

Hellstugutindan
Heillstugutindan
Etymologi

Der Hellstuguåe renn ut i Visa låg ei steinbu bygd av heller; derav namnet.

Memurubrean
Frå Hinnotefjellet ser ein over Vestre Memurubrean mot Hellstugutindan. Nærast er Nestsøre Hellstugutinden; bak denne står Store Hellstugutinden.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Hellstugutindan er ei fjellrekke i Jotunheimen, i Lom kommune. Hellstugutindan ligg aust for Visdalen og Urdadalen. Store Hellstugutinden er 2347 meter over havet; sju andre toppar når over 2000 meter. Aust for Hellstugutindan strekker Hellstugubreen seg frå Vestre Memurubrean mot nord nedover mot Visdalen.

Store Hellstugutinden vart klatra fyrste gongen av engelskmannen William Cecil Slingsby og lustringen Johannes Vigdal 1. september 1881. Midtre Hellstugutinden (2339 moh.) vart nådd fyrste gongen av finnen Edvard A. Westermarck og Lars Sulheim d.e. 28. august 1886.

Kart

Hellstugutindan
Hellstugutindan
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg