Faktaboks

Helin
Etymologi

kanskje av norrønt héla, 'rim'

Region
Innlandet
Kommune
Vang
Vassdrag

Drammensvassdraget

Areal
9,5 km2
Djupn
88
Volum
355 mill. m3
Helin

Helin er ein innsjø i Valdres i Vang kommune i Innlandet fylke. Sjøen måler 9,5 kvadratkilometer, ligg 866–868 moh., og største målte djup er 88 meter. Helin er ein langstrekt og djup fjordsjø. Lengda er 12 km, største breidde 1,2 km. Sjøen har avløp mot sør gjennom Movatn, Storfjorden og Tisleifjorden til Åbjøra som hører til Drammensvassdraget.

Sjøen er magasin for Åbjøra kraftverk. Det ligg setergrender ved nord- og sørenden, elles er breiddene bratte og stig raskt opp til skoggrensa.

Nordøst for Helin er området ved Gilafjellet (1582 moh.) botanisk freda (Helin plantepark, oppretta i 1930). Her finst mellom anna den sjeldne urvalmuen (Papaver radicatum subsp. relictum), lokalt kalla helerosa. Arten finst berre to stader i verda; den andre er i Bleia naturreservat i Sogn.

Kart

Helin
Helin
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg