Artikkelstart
Helge Sivertsen var ein norsk skulemann og politikar. Han prega norsk skulepolitikk i etterkrigstida og tok initiativ til Vogt-komiteen, som vart ein milestein i norsk språkpolitikk.
Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Helge Sivertsen var ein norsk skulemann og politikar. Han prega norsk skulepolitikk i etterkrigstida og tok initiativ til Vogt-komiteen, som vart ein milestein i norsk språkpolitikk.
Helge Sivertsen var fødd i Mandal (no Lindesnes) i Vest-Agder (no Agder) og døydde i Oslo. Han voks opp i Mandal, på Austlandet og på Inderøy, og tok examen artium på latinlina ved Orkdal landsgymnas i 1933. I 1940 vart han cand.philol. med historie hovudfag og norsk og tysk sidefag. I 1938–1939 studerte han økonomisk historie ved Universitetet i Oxford.
I 1941–1943 hadde Sivertsen lærararbeid. Han var aktiv i Milorg i 1943–1945, mellom anna som leiar for informasjonstenesta til sentralleiinga. Etter andre verdskrigen var han sekretær for Undersøkingskommisjonen av 1945.
Sivertsen var statssekretær under tre statsrådar (Kaare Fostervoll, Lars Moen og Birger Bergersen) i Kyrkje- og undervisningsdepartementet (1947–1956), var kyrkje- og undervisningsminister (1960–1963 og 1963–1965), skuledirektør i Oslo, Akershus og Østfold (1956–1960), skuledirektør i Oslo og Akershus (1966–1970) og skulesjef i Oslo (1971–1981).
Som statssekretær arbeidde Sivertsen mellom anna med skipinga av Statens filmsentral (1948), Riksteatret (1948), Norsk bygdekino (1950) og Riksgalleriet (1952). Han førte òg i pennen stortingsmeldinga «Om tiltak til styrking av skoleverket» i 1954.
Som statsråd fekk han i 1965 skipa Norsk kulturfond, Norsk kulturråd og innkjøpsordninga for skjønnlitteratur. Han tok initiativet til Vogt-komiteen (1964), som hadde til oppgåve å gi ei heilskapleg vurdering av språksituasjonen i Noreg. Utvalet la grunnlaget for skipinga av Norsk språkråd i 1971 og tok til orde for ei gjennomgåing av stadnamnføresegnene, mållova og språkreglane i NRK.
At tradisjonelle riksmålsformer var utestengde frå bokmålsnormalen, var i innstillinga frå komiteen nemnt som ein hovudgrunn til språkstriden. I dei seinare rettskrivingsendringane under Norsk språkråd vart mange av desse riksmålsformene tekne inn att i bokmål. Sivertsen medverka òg til å gjeninnføre samisk språk og kultur i skulen i dei samisktalande områda.
Sivertsen var ein hovudarkitekt i nyskipinga av norsk skule etter andre verdskrigen, mellom anna når det galdt overgangen frå 7-årig til 9-årig einskapsskule. Han sette ned fleire sentrale skulepolitiske utval, slik som Gymnasutvalet i 1962, Skulekomiteen i 1965 og Vidareutdanningskomiteen i 1965. Han drog òg opp hovudliner for vaksenopplæringa.
Sivertsen var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 1969–1977 og sat i mange utval i Arbeidarpartiet. Han var leiar av det offentlege utvalet frå 1971, som greidde ut tilhøvet mellom kyrkje og stat. Han hadde ei lang rad tillitsverv, særleg i kultursektoren.
I 1974–1981 var han leiar for utvalet for rustingskontroll og nedrusting. Som pensjonist brukte han mykje av tida si på arbeid for atomnedrusting, internasjonal forståing og fred. Frå 1982 var han leiar i styret for Alva Myrdals fredsfond.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.