Faktaboks

Helge Lurås
Fødd
12. desember 1970, Drammen, Viken

Helge Lurås var ansvarleg redaktør for nettavisa resett.no frå 2017, då ho vart starta, til 2022. Etter ein intern konflikt i avisa gjekk Lurås av som redaktør i juni 2022.

Helge Lurås har tidlegare arbeidd i Forsvaret og som forskar og rådgivar i internasjonale spørsmål. Lurås er omstridd for meiningane og arbeidsmetodane sine og er blitt nekta medlemskap i Norsk Redaktørforening.

Bakgrunn

Helge Lurås er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1995 og har dessutan studert sosiologi, idéhistorie og sosialantropologi.

Utanlandsoppdrag

Lurås var frå 1995 til 2003 på ulike utanlandsoppdrag for Forsvaret, for det meste i Bosnia-Hercegovina. Han har seinare vore analytikar for Forsvarets overkommando og rådgivar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). I 2012 grunnla han Senter for internasjonal og strategisk analyse (Sisa).

Utanrikspolitisk kommentator

Lurås har vore mykje brukt som utanrikspolitisk kommentator i norske medium. Han er likevel i aukande grad blitt omstridd, fordi han etter terroraksjonen i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 var tidleg ute med å peike på islamistar som dei mest sannsynlege gjerningsmennene. I boka Hva truer Norge nå?, frå 2015, kallar han norsk utanrikspolitikk for eit «sjølvbedrag». Noreg vil gjerne vere eit moralsk ideal i verdssamfunnet, men lever ikkje opp til dette i praksis, meiner han.

Resett

I august 2017 etablerte Lurås nettavisa resett.no, med økonomisk støtte frå finansmennene Mikkel Dobloug, Jan Haudemann-Andersen og Øystein Stray Spetalen. Resett.no seier sjølv at dei har som mål å vere eit alternativ til dei etablerte media og ta opp saker som dei andre teier om.

I praksis er resett.no blitt eit forum og talerøyr for den innvandringskritiske høgresida i politikken. Kritikarar av avisa meiner at ho med den skarpe ordbruken sin stimulerer til hets av minoritetsrøyster i den offentlege debatten. Lurås har svart at kritikarane «dreg offerkortet» for å unngå ein open diskusjon om innvandringspolitikken.

Resett.no er fleire gonger blitt kritisert for ikkje å følgje god presseskikk. Norsk Redaktørforening har sagt nei til å ta opp Lurås som medlem. Grunngivinga er at han fleire gonger har brote Ver varsam-plakaten, at han har tilbode ein større pengesum til eit intervjuobjekt, og at han har oppmoda til boikott av andre aviser.

Utgivingar

  • Hva truer Norge nå? : sikkerhetspolitiske selvbedrag etter den kalde krigen, 2015, Cappelen Damm
  • Veien til Resett : løgn, illusjoner og politisk korrekthet, 2019, Resett forlag
  • Knefall : hvordan kristen skyldfølelse og venstresidens offermentalitet ødelegger Vesten, 2020, Resett forlag
  • Norske politikere som fortjener respekt : en fullstendig gjennomgang, 2020, Resett forlag

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg