Faktaboks

Helge André Njåstad
Fødd
5. juni 1980, Bergen, Hordaland
Helge André Njåstad
Helge André Njåstad er politiker for Framstegspartiet og stortingsrepresentant for Hordaland.
Av /VG.

Helge André Njåstad er ein norsk politikar for Framstegspartiet som sidan 2013 er stortingsrepresentant for Hordaland, og frå 2018 til 2019 var den parlamentariske nestleiaren i partiet.

Bakgrunn

Han er utdanna ved Fiskarfagskulen i Austevoll og ved Bergens Handelsgymnasium og var marknadsmedarbeidar i Austevoll Forlag AS frå 1999 til 2003.

Lokalpolitisk karriere

Njåstad var medlem av Austevoll kommunestyre frå 1999 til 2015, og vart i den yngste ordføraren i 2003 landet, eit verv han hadde til 2013. Han var også medlem av Hordaland fylkesting frå 2003 til 2015.

Stortingsrepresentant

Njåstad var vararepresentant til Stortinget frå 2009 til 2013 og er stortingsrepresentant for Hordaland frå 2013. Han var frå 2013 til 2017 leier av kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget. Frå 2017 til 2019 var han andre nestleiar i finanskomiteen. Han var også parlamentarisk nestleiar i 2018–2019. Frå 2024 er han leiar av justiskomiteen.

Njåstad leidde Framstegspartiets kommunalpolitiske utval i 2010–2013 og organisasjonsutvalet i 2013–2019.

Varslarsak og reiserekningar

Njåstad trekte seg frå alle partiverv i 2019 fordi han som leiar av organisasjonsutvalet hadde delt fortruleg informasjon med utanforståande om innhaldet i nokre av varslarsakene til partiet. Njåstad hadde like før også vorte kritisert fordi han ved fleire høve hadde lagt korte, jobbrelaterte møte – og dermed utgiftsført reisene – til turar der han overnatta på hotell og møtte familie og venner.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg