Helfred er eit mannsnamn som fyrste gong er brukt i 1814. Det kan vere nylaga med utgangspunkt i til dømes Helge og -fred (f.eks. frå Alfred). Alternativt kan namnet ha komme frå tysk: Hel-fried. Her kan forleddet Hel- gå tilbake til enten Heil- med tydinga ‘sunn’ eller Helm- som tyder hjelm’. Etterleddet -fried i Hel-fried tyder ‘fred’.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Helfred som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Helfred i perioden 1900–2017, var det 70 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Helfred. Dette inneber at 30 prosent hadde Helfred som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg