Helen er eit kvinnenamn som er engelsk og norsk form av Helene, eit gresk kvinnenamn som truleg tyder ‘den strålande, skinande’.

Namnet har fleire variantar: Helen, Hellen.

Kjende personar med namnet Helen

Eit utval personar med namnet Helen, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 805 kvinner i Noreg som hadde Helen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 jenter som fekk namnet Helen.

Av dei som heitte Helen i perioden 1900–2017, var det 85 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Helen. Dette inneber at 15 prosent hadde Helen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Helen har ein annan kurveprofil enn Helene og Helena i og med at Helen var på topp 1950–1979, og grunnen til dette kan vere at bruken av Helen i Noreg er påverka av det engelske Helen.

Utvikling i bruk av namnet Helen frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Helen frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg