Faktaboks

Heinrich Hertz
Heinrich Rudolf Hertz
Fødd
1857
Død
1894
Heinrich Hertz

Heinrich Hertz

Av /NTB Scanpix ※.

Heinrich Hertz var ein tysk fysikar som er mest kjend for å ha påvist eksistensen av elektromagnetiske bølgjer. Måleininga hertz (Hz) for frekvens er oppkalla etter han.

Hertz studerte først ingeniørvitskap og seinare fysikk under Hermann Helmholtz og Gustav Kirchhoff. Frå 1885 var han professor i fysikk i Karlsruhe og frå 1889 i Bonn.

Heinrich Hertz er mest kjend for den eksperimentelle påvisinga si av elektromagnetiske bølgjer i 1887–1888. Eksistensen av desse bølgjene var føresagde av James C. Maxwell. I eit brev frå Hertz til Helmholtz, datert 5. desember 1886, fortel Hertz om dei første positive resultata. Han brukte ein 3 meter lang kopartråd, som i kvar ende var forsynt med ei metallkule med diameteren 30 centimeter. I midten var tråden avbroten, og begge halvdelane blei førte til ein induktor. Dersom han lét induktoren vere i funksjon, slo det gneistar over mellomrommet mellom trådane, og samtidig oppstod det elektriske svingingar som sende elektromagnetiske bølgjer ut i rommet omkring. For å påvise bølgjene brukte han ein annan tilsvarande tråd, som han strekte ut parallelt med den første, og som gav små gneistar når svingingane var der.

Hertz' oppdaging gav støyten til Guglielmo Marconi sine første forsøk med trådlaus telegrafi og førte seinare til utviklinga av radiotelegrafi og kringkasting (radio).

Heinrich Hertz var òg den eigentlege oppdagaren av den fotoelektriske effekten. Han utførte dessutan viktige arbeid innan elastisitetsteorien, og han prøvde å gi den rasjonelle (analytiske) mekanikken ei ny grunngiving.

Den norske fysikaren Vilhelm Bjerknes var assistent hos Hertz i 1891.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg