Heinrich, som er eit tysk mannsnamn, går tilbake til gammalhøgtysk Haimi-rich. Forleddet tyder ‘heim’ og etterleddet ‘mektig; herskar’. Forleddet Hein- i Hein-rich kan også gå tilbake til gammalhøgtysk Hagen- med tydinga ‘inngjerding; hamnehage’.

Heinrich har fått variantar i mange språk, til dømes Henrik, Henry, Henrique, Enrique, Enrico, Heikki og Imre.

Kjende personar med namnet Heinrich

Eit utval personar med namnet Heinrich, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 menn (fødde i Noreg) som hadde Heinrich som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Heinrich i perioden 1900–2017, var det 62 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Heinrich. Dette inneber at 38 prosent hadde Heinrich som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg