Kvinnebunaden Aust-Telemark A32
Kvinnebunaden A32 frå Aust-Telemark vart lansert i 1932
Kvinnebunaden Aust-Telemark A32
Av .
Ragnar Nordby titter fram bak Tone Sjølander Eidsvold
Ragnar Nordby titter fram bak Tone Sjølander Eidsvold
Av /Utlånt fra Tone Sjølander.
Oleana

Solveig Hisdals produkter under vignetten Oleana er eksempel på vellykket moderne design, inspirert av gamle folkedraktplagg og håndverksteknikker.

Oleana
Av .

Heimen Husfliden er ein norsk bunadprodusent og husflidsutsal i Oslo. Heimen har røter tilbake til 1892, og er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo. Firmaet er i dag ei samanslåing av mellom anna Heimen LL Husflitsutsal, Den Norske Husfliden i Oslo og produksjonsverksemda Solhjell.

Verksemdene som no er Heimen Husfliden har kvar for seg vore sentrale i utviklinga av dei norske bunadene. Den norske bunadrørsla vart i all hovudsak starta av personar som var knytta til Bondeungdomslaget i Oslo eller Den Norske Husflidsforening.

Dei to verksemdene hadde ulike tilnærmingar til bunadrørsla. Husfliden i Oslo sydde og bunader for sal, men mykje av verksemda gjekk ut på å bistå lokale husflidslag og andre interesserte i arbeidet med å utarbeide lokale bunader. Mange av bunadene som vert brukt i dag har vorte til med hjelp frå Husfliden i Oslo. Denne butikken var og tilslutta Den Norske Husflidsforening som har butikker over store deler av landet. Det var difor naturleg for Husfliden Oslo å sende kundane til ein lokal butikk istadenfor å selge bunader frå heile Noreg.

Heimen har og vore aktive i arbeidet med å utarbeide lokale bunader, men i motsetnad til Husfliden har dei og vore eit utsal for bunader frå heile landet. Bunader Heimen har vore med og utvikla er difor og til salgs i butikken i Oslo.

Organisasjonshistorie

Heimen LL Husflitsutsal var eigd av Bondeungdomslaget i Oslo sidan 1923. I 2007 kjøpte dei Den Norske Husfliden. Heimen LL Husflitsutsal og Den Norske Husfliden vart slått saman til Heimen Husfliden i 2015. Mellom 2015 og 2019 vart òg produksjonsbedrifta Solhjell del av Heimen Husfliden.

Sjølv om delar av produksjonen går føre seg i Estland og Asia har Heimen Husfliden framleis systue i BUL-garden i Rosenkrantz gate i Oslo.

Den Norske Husfliden

Annonsar for Den Norske Husflidsforening og Heimen Husflitsutsal
Desse to annonsane frå 1956 viser ein av skilnadene mellom Den Norske Husfliden og Heimen Husflitsutsal: Heimen var ein del av norskdoms- og målrørsla og har annonse på nynorsk, medan Den Norske Husfliden annonserte på bokmål. Etter fusjonen i 2015 brukar Heimen Husfliden berre nynorsk.

I 1891 slo tre husflidsforeiningar seg saman til Den Norske Husflidsforening (DNH), og etablerte butikken Den Norske Husflidsforening i Oslo i 1892.

På denne tida vart det arbeidd for å fremje husflidssaka, både som ein del av norskdomsrørsla og for å stø tradisjonshandverk og -produksjon rundt om i landet. Butikken hadde først lokale på Karl Johan. Butikken ende etter nokre flyttingar i Møllergata 4 i ein eigen bygard med forretninga Husfliden Oslo og verkstader. Butikken vart trua av konkurs i 1990, og ein måtte selje garden og leigde deretter første og andre etasje tilbake. Husfliden Oslo gjekk konkurs i 2004.

Bunadene og rettane tilhøyrde Den Norske Husflidsforening og i 2005 etablerte mellom anna dei og Oslo Fylkeshusflidslag den nye butikken Den Norske Husfliden. Den Norske Husfliden vart kjøpt av Bondeungdomslaget i Oslo i 2007, og fusjonert med Heimen LL Husflitsutsal i 2015.

Heimen Husflid

Logo
Logoen til Bondeungdomslaget i Oslo har ei bunadskledd kvinne framfor Oslo rådhus.
Logo
Av .

I 1899 vart Bondeungdomslaget i Oslo etablert. Hulda Garborg, Klara Semb og fleire andre i folkedans- og teatermiljøet var sentrale i laget, og var sterkt involvert i arbeidet med å utarbeide bunader.

I 1912 starta Aksel Waldemar og Anna Johannessen Heimen Teiknekontor, som teikna av gamle drakter som hadde blitt samla inn. Ekteparet stod bak nokre av dei tidlegaste broderte bunadene og sette varige spor etter seg i bunad-Noreg før dei døydde. Firmaet vart overteke av Bondeungdomslaget i Oslo i 1923 og har lokale i BUL-garden i Rosenkrantz gate i Oslo som òg husar Kaffistova og Hotell Bondeheimen. Det formelle namnet til verksemda var Heimen LL Husflitsutsal (LL er ei forkorting for lutlag, det same som eit aksjeselskap).

Heimen Husflid har vore sentrale i utviklinga av mange av dei norske bunadene, til dømes Valdresbunaden, Gudbrandsdalens festdrakt, Rogalandsbunaden, fleire av Telemarksbunadene, Hallingdalsbunaden med fleire.

Bunadene som vart utarbeidd av Heimen Husflid fekk gjerne kodar med ein bokstav og to tal i staden for namn. Kvinnebunaden frå Aust-Telemark heiter for eksempel A32, i motsetnad til Kvinnebunad frå Aust-Telemark DNH som vart utarbeidd av Den Norske Husflidsforening. Bokstavane i kodane var ei rein gruppering, medan tala står for årstalet bunaden vart lansert. Romeriksbunaden L40 vart for eksempel lansert i 1940.

Solhjell

Solhjell vart etablert i Molde i 1947 og var opphavleg ein konfeksjonsfabrikk som òg sydde uniformer. På nittitalet valde dei å fokusere på musikkuniformer og mannsbunad som det var ei aukande interesse for. I 2007 slutta dei heilt med uniformer og satsa fullt på målsydde bunader. I 2006 etablerte dei produksjon i Estland der dei i dag har produksjon av både manns- og kvinnebunader.

Bondeungdomslaget i Oslo kjøpte 70 prosent av aksjane i Solhjell i 2015, og resten av aksjane i 2019.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg