Faktaboks

Heikki Gröhn
Fødd
13. september 1949, Bergen
Heikki Gröhn.
Samlaget.

Heikki Gröhn er ein norsk lyrikar, barnebokforfattar og omsetjar. Han har skrive haiku-liknande kortdikt for vaksne og biletbøker for barn. I tillegg er han omsetjar av fagbøker.

Bakgrunn

Heikki Gröhn er fødd i Bergen. Frå 1980 til 1982 var han student på medielinja ved Høgskulen i Volda.

Gröhn har arbeidd frilans som korrekturlesar, språkvaskar og faglitterær omsetjar for ulike forlag. Han var redaktør i Kulturradioen (i dag Radio 1) i Oslo frå 1982 til 1983. I 1985 var han redaksjonssekretær for filmtidsskriftet Z, og han var manusredaktør i Tiden Norsk Forlag frå 1998 til 2000. I 1975–1976 var han sekretær i Norsk Forfattersentrum Vestlandet. I 2005 etablerte han Splendid Forlag.

Forfattarskapen

Gröhn debuterte i 1969 som lyrikar i antologien Åtte fra Bergen, under kunstnarnamnet heikki heikki. Han solodebuterte med diktsamlinga DANS i 1971. Sidan kom fleire samlingar, mellom dei Eg var ein hemmelig desperado (1987). Som heikki heikki har han mellom anna gitt ut kortdiktsamlingane svanene / så kvite / så svarte (2005) og to lock the door / turn knob the right (left) (2006). Gröhn kallar desse haiku-liknade kortdikta fliser.

I 2005 kom den første forteljinga for barn, biletboka Mika blir gått ifrå. Med den innleidde han eit samarbeid med illustratøren Akin Düzakin. Saman har dei gitt ut fleire biletbøker om karakteren Mika, der barn sine kjensler er eit sentralt tema. Gröhn har omsett ei rad utanlandske fagbøker om psykologi til norsk, mellom dei Normbrytende atferd hos barn. Hva sier forskningen? (2007), av dei svenske psykologane Henrik og Anna-Karin Andershed.

Bibliografi

  • (heikki heikki) avtalen frå den gong / skal den vere gyldig / no (Lyrikk, 2014)
  • Mika gjør feil (Biletbok, 2010)
  • På liv og død, på måfå, på leven (Lyrikk, 2008)
  • Mika og tjuvane (Biletbok, 2007)
  • Ninni byrjar på fotball (Barnebok, 2006)
  • (heikki heikki) to lock the door / turn knob the right (left) (Lyrikk, 2006)
  • Folkets hus brenn, Mika! (Biletbok, 2006)
  • (heikki heikki) svanene / så kvite / så svarte (Lyrikk, 2005)
  • Mika blir gått ifrå (Biletbok, 2005)
  • Eg var ein hemmelig desperado (Lyrikk, 1987)
  • Det går (Lyrikk, 1975)
  • Kråken synger (Lyrikk, 1972)
  • DANS (Lyrikk, 1971)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg