Heidi Grande Røys

Faktaboks

Heidi Grande Røys
Født
6. mai 1967, Bremanger, Vestland

Artikkelstart

Heidi Grande Røys er politikar og barnehagelærar. Ho har representert Sosialistisk Venstreparti (SV) på både lokal- og riksnivå og var fornyings- og administrasjonsminister 2005–2009.

Heidi Grande Røys vart fødd i Bremanger i Sunnfjord og er utdanna førskulelærar ved Bergen lærarhøgskule i 1989. Ho har vore avdelingsleiar og styrar ved Havreneset barnehage i Florø i åra 1989–1996. Etter at ho gav seg som statsråd i 2009 vart ho igjen barnehagestyrar i Florø.

Røys har representert Sosialistisk Venstreparti (SV) i Flora formannskap og bystyre og har hatt ulike verv i SV lokalt og på fylkesplan. I 1999–2000 var ho politisk rådgivar i SV si stortingsgruppe, og i 2001 vart ho vald inn som den første stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane for SV nokon gong. Ved stortingsvalet i 2005 vart Røys ikkje attvald, men hausten same året vart ho utnemnd til statsråd med ansvar for det nyoppretta Fornyings- og administrasjonsdepartementet i den andre Stoltenbergregjeringa. Denne stillinga hadde ho til 2009.

Som minister engasjerte Røys seg i ei rekkje tiltak for å fornye offentleg sektor, mellom anna fleire miljøtiltak, høgare etikkrav, betre språk, større openheit og ein mindre marknadsretta arbeidsgivarpolitikk. Eit hovudprosjekt var arbeidet med å forenkle bruken av offentlege tenester på Internett og utbygging av breiband i distrikta.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg