Heidi er eit kvinnenamn som er tysk kortform av Adel-heid der -heid tyder ‘venleik, glans’.

Namnedag er 4. juni. Heid har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Heidi

Eit utval personar med namnet Heidi, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 15 846 kvinner i Noreg som hadde Heidi som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Heidi var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 19 jenter som fekk namnet Heidi.

Utvikling i bruk av namnet

Heidi gjekk bratt oppover frå 1950-åra og var på topp i slutten av 1960-åra. Populariteten kan tilskrivast bøkene om Heidi av tysk-sveitsiske Johanna Spyri, også filmatisert (1953). Det er nok filmen som ligg bak framgangen for dette namnet i Noreg frå midten av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Heidi frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Heidi frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg