Heidal

Heidal har mange store gårdsanlegg med fredede bygninger. Her sees Kruke i Øvre Heidal med flere fredede hus, som ligger på en terrasse i landskapet. Terrassen består av finstoffrikt morenemateriale avsatt av dalbreer ved begynnelsen av siste istid, som senere har fått sin form ved breerosjon. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Heidal er eit dalføre i Sel kommune. Dalen er ein sidedal til Gudbrandsdalen omkring det nedre løpet av Sjoa med sideelvar. Heidal er ein innfallsport for Aust-Jotunheimen, og har stor turisttrafikk.

Heidal har i alt 100 freda bygningar på 17 gardar. I Øvre Heidal ligg gamle storgardar som Bjølstad, Kruke og Harildstad. På garden Leirflaten står ei lita stove av Jo Gjende.

Heidal kyrkje frå 1941 er kopi av kyrkja frå 1752, som brann i 1933. Ved kyrkja står det gamle Bjølstad kapell. Kapellet vart oppført på Bjølstad i 1531, med portalplankar frå den eldste kyrkja i Heidal, ei stavkyrkje frå 1000-talet. Desse portalplankane har truleg den eldste treskurden i landet.

Heidal vart oppretta som eigen kommune i 1908 ved utskiljing frå Vågå. I 1965 vart Heidal samanslått med Sel kommune. Ved samanslutninga var kommunen 349 kvadratkilometer stor. Heidal utgjer i dag eit sokn i Sel prestegjeld.

Namnet kjem truleg av Heardal, der første ledd er genitiv av elvenamnet Hjó, no Sjoa, 'den blanke'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg