Heid

Artikkelstart

Heid er eit kvinnenamn som går tilbake til norrønt Heiðr som truleg tyder ‘venleik, glans’. Dette er same tyding som etterleddet -heid har i det tyske Adelheid.

Namnedag er 4. juni. Heidi har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Heid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg